NRK Meny
Normal

Her har kommunesamanslåinga gått for langt

Kommuneskiltet til Hornindal er fjerna i løpet av natta. Syndarane kan bli melde til politiet.

Kommuneskiltet til Hornindal er fjerna

BORTE VEKK: I den raude sirkelen skulle det vore eit kommuneskilt til Hornindal kommune.

Foto: NRK-tipsar

– Vi ser alvorleg på at skilt blir fjerna på denne måten. Det er ein kostnad for oss og for turistane er det ei informasjonskjelde i forhold til kva kommune dei kjem til, seier prosjektleiar for drift i Statens vegvesen i Nordfjord, Lars Erik Karlsen.

Det er på kommunegrensa mellom Hornindal og Stryn ved riksveg 15 at kommuneskiltet til Hornindal kommune er fjerna i løpet av natta.

Skilt kjem og går

Det er ikkje første gong at det blir herja med skilta i kommunen eller at kommuneskiltet blir fjerna.

– Dette skiltet er det første gong blir fjerna. Tidlegare i sommar vart eit anna kommuneskilt fjerna. Det har vi ikkje funne att. Vi oppdaga tidlegare i sommar at eit skilt frå Namsos var komme opp i same område. Så det er klart vi ser alvorleg på det.

Statens vegvesen har ikkje noko klar meining om kva som kan vere grunnen til at skilta blir skrudde ned. Men dei avviser ikkje at kommunesamanslåingsdebatten kan vere eit bakteppe.

– Det er nærliggande å tenke at det har med debatten i Stryn, Volda og Hornindal om samanslåing å gjere, men det blir spekulasjonar.

Han håpar syndarane som har skrudd ned skiltet melder seg eller i det minste set tilbake skiltet.

– Vi håpar dei tar til fornuft og at dei set tilbake skilta på ein sånn måte at vi kan finne dei att. Elles vil vi vurdere å politimelde dette og reise erstatningskrav, men vi håpar vi slepp det.

Vil uansett eksistere som geografisk område

Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, synest det er trasig at folk ikkje respekterer skiltinga.

– Det er beklageleg at skiltet blir fjerna for Hornindal er uansett eigen kommune fram til 2020. Deretter får vi sjå korleis det blir. Men uansett kjem Hornindal til å eksistere som geografisk område.

Stig Olav Lødemel

DUMT: Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel, beklagar at folk tar ned skilta til kommunen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Han er ganske sikker på at samanslåingsdebatten er årsaka til at skiltet blir fjerna.

– Det er naturleg å tru at det er bakteppe her. Det er ikkje nokon som har tatt skilta våre før, så det må vere naturleg å tru.

Men om det er forkjemparar som ønskjer fortgang i samanslåingsarbeidet vil ikkje ordføraren seie noko om.

– Nei, det har eg ikkje noko meining om humrar ordføraren.

Meir alvorleg understrekar han at det å fjerne annan manns eigedom kan medføre straff.

– Så eg håpar dei tar til vet og set skilta tilbake.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.