Fjerna havarert blåskjelanlegg i Aurlandsfjorden

Eit havarert blåskjelanlegg i Aurland har dei siste åra vore ein risiko for skipstrafikken, mellom anna for passasjertrafikken til og frå Flåm. No er det fjerna

Kystvakta arbeidde med å samle saman skrot etter blåskjelanlegget, og trygge båtleia.

UTGJER FARE: Eigarlause blåskjelanlegg utgjer ein fare langs heile norskekysten. I helga vart eit havarert anlegg i Aurlandsfjorden fjerna. (Arkivfoto)

Foto: Kystvakta KV Tor

Anlegget vart drive av Frønningen Skjell AS, men selskapet gjekk konkurs. Det var ingen midlar i buet til å rydde opp slik akvakulturlova krev.

Ved årsskiftet fanst det om lag 80 slike forlatne blåskjelanlegg langs norskekysten. På nittitalet og utover var optimismen i næringa stor. Men manglande lønsemd gjorde etter kvart at fleire bukka under.

Det var Fiskeridirektoratet og Kystverket som i helga gjekk saman for å fjerne det havarerte anlegget i Aurlandsfjorden. I fleire år har det utgjort ein risiko for skipa i fjorden.

– Vi meiner det er viktig å få rydda vekk slike eigarlause anlegg. Utan øyremerkte ressursar til opprydding er vi avhengige av å få med oss samarbeidspartnarar for å få rydda dei vekk, seier Henrik Hareide i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.