Hopp til innhold

Fjern og nær Vestlandsutstilling

Kring 60 personar tok turen då Vestlandsutstillingen opna i Sogn og Fjordane kunstmuseum laurdag.

Vestlandsutstillinga opna i helga på Sogn og Fjordane kunstmuseeum.

SJÅ VIDEO: Vestlandsutstillinga opna i helga. (Foto: Ole Andre Rekkedal)

Blant dei 23 utstilte verka, finn ein eitt av Marius Moldvær frå Aurland.

Installasjonen hans heiter Uten tittel (Mount Everest) og gav han også pris for beste verk.

– Det var eit stort sjokk då eg fekk den. Det tok eit par dagar før det gjekk opp for meg. Det er ei utruleg mogelegheit eg ikkje trudde eg skulle få. Det er ei separat utstilling på Kunsthus Kabuso i Øystese som er ein av mine favorittvisningsstader på Vestlandet, seier Moldvær.

– Godt rykte

Vestlandsutstillingen er ein årleg kunstutstilling for biletkunstnarar frå Vestlandet, og har sidan oppstarten i 1922 vore ein viktig arena frå kunstnarane i vest.

(Artikkelen held fram under biletet)

Uten tittel (Mount Everest) av Marius Moldvær

PRISVINNAR: Utan tittel (Mount Everest) er Marius Moldvær sitt verk.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Årets utstilling starta i Haugesund 8. februar, før den tok turen til Førde og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Dei neste månadene står Stavanger og Øystese for tur før Ålesund blir siste visingsstad i juni.

– Sjølve landsdelsutstillinga er viktig for å bli sett i Norge. Spesielt vestlandsutstillinga har rykte for seg å vere ei veldig bra kreatert utstilling. Du har mogelegheit til at kunsten kan visast kring om i alle vestlandsfylka. For meg fantastisk å få vist i min eigen landsdel, seier Moldvær.

Blanda reaksjonar

Det var ein aldri så lite nøgd museumsdirektør, Morten Johan Svendsen, som måndag tok imot NRK på kunstnarane i Sogn og Fjordane si nye storstove.

Ikkje berre plukka kurator Kjetil Berge ut ein lokal kunstnar, som endåtil vart prisvinnar for utstillinga. I helga møtte 60 publikummarar til opningsdagen laurdag. Svendsen seier Vestlandsutstillingen plar trekkje bra med besøkjande.

– Besøkstala søndag kjenner eg ikkje, men eg ser på omsetnaden av biletlister, så har det vore ein del her allereie. Reaksjonane trur eg var ganske blanda, slik det plar vere for Vestlandsutstillingen, seier Svendsen.

Globalisert språk

Temaet for årets utstilling er teikning, og den har fått namnet «nearfar». Verket til Moldvær vart til via eit webkamera, på same måte som ein av dei britiske utstillarane teikna ulike motiv frå Sandnes utan å sjølv ha vore der.

– Det er først og fremst ei utstilling for kunstnarar på Vestlandet, men i seinare år har kunstnarar frå andre distrikt og land. Det har samanheng med at kunsten er i ferd med å bli global. Det kunstneriske uttrykket som er eit samtidsuttrykk, gjeld i Asia, Afrika, Europa, Amerika og Australia. Det snakkar saman over heile kloden, seier museumsdirektør Svendsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Untitled av Janna Thöle-Juul

UNTITLED: Janna Thöle-Juul står bak denne installasjonen, som har fått ein prislapp på 50.000 kroner.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi kan fjell

Eigentleg ynskjer ikkje Svendsen å trekkje fram eit verk framfor dei andre, men han vedgår at aurlandskunstnaren sitt verk har fått ei sentral rolle i årets utstilling.

– Dette er eit prisbelønt verk og står fram som eit av hovudverka til utstillinga. Det er ein installasjon og har fått ein liten vegg for seg sjølv, seier han og legg til:

– Men er det noko vi vestlendingar kan, så er det fjell. Fjella har vi nærme oss i Aurland, i heile fylket og på heile Vestlandet. Fjella er like viktige for oss, som for folket som bur i Tibet. Kanskje dei har eit endå meir religiøst forhold til fjella sine, dei har framleis heilage fjell der, avsluttar han.