Hopp til innhold

Fjerde dødsfall på sjøen i Selje på tre år

I løpet av tre år har fire menn mista livet på sjøen i Selje. Søndag omkom fiskaren Eivind Kvamme (46) frå Selje etter å ha vorte funnen i sjøen like ved sjarken sin i Skarbøfjorden.

Ulykke Skorbøfjorden

SÅG BÅTEN: Politiet fekk søndag føremiddag melding om ein fiskebåt som låg og slo i fjøresteinane i Selje. Ei stund etter vart ei mann funnen flytande i sjøen.

Foto: Harald S. Berge

– No handlar det om å ta vare på familien så godt ein kan, seier lensmann i Selje, Bård Didriksen, til Fjordenes Tidende.

Den omkomne fiskaren etterlet seg kone og fire born, og lensmannen fortel at dødsfallet har gått hardt inn på lokalsamfunnet.

– Folk er bedrøva og lei seg. Kommunen og fok gjer så godt dei kan for å støtte og gi omsorg etter beste evne, seier Didriksen.

Livet stod ikkje til å redde

Politiet fekk like over klokka 11 melding om ein fiskebåt som låg og slo mot land vest for Selje. Ein mann vart etter ei tid funnen i sjøen i nærleiken.

Det vart iverksett livreddande tiltak, og mannen vart flogen til Haukeland universitetssjukehus med helikopter, men livet hans stod ikkje til å redde.

Ifølgje Fjordenes Tidende er dette fjerde ulykka på sjøen i Selje dei siste tre åra.

I juli omkom ein 79 år gammal mann etter å ha falle over bord i Borgundvåg i Selje. I august 2011 drukna ein 59 år gammal mann utanfor Selja, og i januar 201 omkom ein 61 år gammal mann frå Island etter å ha falle over bord frå ein lastebåt.

Er tungt for eit lite lokalsamfunn

Didriksen seier alle dødsfalla tek på for eit lite lokalsamfunn.

– Folk og hjelpeapparat, kommunane si leiing, kriseteam, brannvesen, Røde Kors og ambulanse er fortvila og meir eller mindre sjokkerte over den eine ulykka etter den andre, seier Didriksen.

Han fortel at på ein liten stad som Selje, kjenner alle. Det tek tid å komme seg gjennom denne type hendingar.

– Folk re ganske opne. Ein må bruke tid og prate med kvarandre for å gi den omsorg og støtte som ein kan gi. Det handlar om å ta vare på familien så godt ei kan gjennom det kommunale kriseteamet, seier Didriksen.