Hopp til innhold

Ti råd for påsketur med hunden

FØRDE (NRK): Skal du ut på tur med hunden i påska, kan det vere lurt å ta omsyn til ti enkle råd for at firbeinte skal ha det bra.

Redningshunden Nox

FIRBEINT PÅ TUR: Nox kan få ei travel påske som redningshund, men 10 råd frå Mattilsynet skal sørgje for at han får det best mogleg på tur.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Ikkje legg ut på lengre turar enn det hunden er trent for. Dei må ha god nok fysisk kondisjon for å klare ein lang fjelltur, fortel hundeførar Helene Sæterdal.

Helene og Nox

TURVEN: Helene Sæterdal følgjer fjellvettreglane frå Mattilsynet, for at turvenen Nox skal få ei best mogleg påske på fjellet.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Ho er ofte på lange turar saman med redningshunden Nox. Den seks år gamle labradoren skal rykkje ut i påska dersom folk er meldt sakna etter snøskred.

Turistforeininga har fjellvettreglar for tobeinte i påskefjellet, medan Mattilsynet har det same for firbeinte. Sæterdal oppmodar alle hundeeigarar til å nytte seg av råda frå Mattilsynet.

– Det er viktig å følgje råda for at hundane skal ha det best mogleg på tur.

Ti fjellvettregler for firbeinte

1. Vis respekt for sola

UV-stråling og sterk sol kan føre til at hunden blir snøblind, noko som gjer at det renn frå raude og irriterte auge.

2. Hunden kan bli solbrent

På fjellet er sola sterk, så dekk til huda eller bruk solkrem. Hundar kan verte solbrente og få raude merker eller store blemmer.

3. Pass på såre potar

Husk å sjekke potane ofte. Ver påpasseleg med stell og pleie av potar og klør. Ved sår kan det vere lurt med potesokkar.

– Det beste er at ein går utan stålkantar på skia, då det er fort gjort å treffe labbane til hunden i stor fart, oppmodar Sæterdal.

Sjekk av poter

SJEKK POTANE: Helene Sæterdal sjekkar potane til labradoren Nox, då snø og skare kan gjere skade.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

4. Bruk rett utstyr

Tilpass utstyr etter hund og behov, for å unngå skade og gnagsår.

5. Legg ikkje ut på langtur utan trent hund

Tilpass trening og fart etter kor trent hunden er.

– Ikkje legg ut på lengre turar enn hunden er trent for, meiner Sæterdalen.

6. Ver rusta mot uhell

Ha med enkelt førstehjelpsutstyr som bandasje og potesalve.

7. Pass på frostskadar

Hundar er utsette for frostskadar. Særleg område som øyre og kjønnsorgan må passast ekstra på.

Nox på tur

ØYRA ER UTSETTE: Øyra er særleg utsette for frostskadar, samt hale, kjønnsorgan og potar.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

8. Pass godt på kvalpen i kulda

Ikkje alle hunderasar toler like godt kulde. Ta omsyn til unge hundar, då kvalpar ikkje har same evne til å regulere kroppstemperaturen som vaksne hundar.

– Hundar med mykje pels toler kulda betre enn hundar med mindre pels. Tynnhåra hundar kan gjerne bruke dress, seier Sæterdal.

9. Hugs ekstra fôr og drikke

Ved aktivitet og kulde, brukar hunden meir energi. Ta omsyn til dette når du gjev hunden fôr.

– Drikke er viktig. Ha med ei drikkeflaske med vatn på tur, sånn at hunden får i seg nok væske, fortel Sæterdal.

10. Ikkje gje hunden sjokolade

Hundar toler ikkje stoffet teobromin som finst i sjokolade. Sjølv små mengder sjokolade kan føre til uregelmessig puls, og i verste fall føre til forgifting.