Hopp til innhold

Fjellsportkonferanse til Sogndal

Årets nasjonale fjellsportkonferanse blir lagt til Sogndal.

Fjellsport

FJELLSPORTBYGD: Sogndal. Her frå Fjellsportfestivalen 2012 og frå klatreveggen i Sogndal.

Foto: Magnus P. Tjønn / Ole Ramshus Sælthun / NRK

Frå før av er Fjellsportfestivalen etablert i bygda, no i haust var det fyrste gong Fjell- og Fjordmoro vart arrangert, og for nokre veker sidan lanserte investorar storstilte planar for å gjera Hodlekve i Sogndalsdalen til ein vinterdestinasjon med investeringar for to milliardar kroner.

– Dette er med på å sikra Sogndal sin posisjon som ei leiande fjellsportbygd i Norge, seier Stein Magne Os i Bratt moro.

– For alle som likar seg i fjellet

Fjellsportkonferansen er for alle som er interesserte i fjellsport. Både dei som jobbar som guidar, arrangerer turar eller berre er glad i å gå på fjellet både sommar- og vinterstid.

Det er Norsk Fjellsportforum (NF) og Bratt Moro i Sogndal som samarbeider om konferansen.

– Hovudmålgruppa er nok dei som har fjellet som ei stor interesse. Både frå ivrige friluftsfolk til aktørar som driv næring og forskarar. Men alle som likar å drive med ulike formar for fjellsport vil nok lika dette, seier Os.

Konferansen tek føre seg tre hovudtema som alle får kvar sin dag i løpet av fredag, laurdag og søndag: «Korleis læra fjellsport», «Ny bruk av fjellet» og «Fjellsport og verdiskaping».

– Det handlar om korleis fjellsport kan skapa verdiar, både i form av næringsutvikling i området, tilflytting og i reiselivssamanheng, seier Helge Skogseth Berg i programkomiteen.

– Me utfordrar myten om at alt var betre før. I dag gjennomfører langt breiare grupper med klatrarar og skikøyrarar svært vanskelege turar som for nokre år sidan berre vart utført av nokre få aktive, med den gongen svært spissa kompetanse og dugleikar.

Det vil også bli debattar av aktuelle tema.

Tjuvstartar med lokalt næringsseminar

– Søndag ser vi på ny bruk av fjellet. Med utgangspunkt i historia får me fram kva som er nytt, med vekt på toppturar og vinterklatring. Deretter set me søkelys på kva konsekvensar dette får for profesjonelle fjellfolk; redningstenesta og tindevegleiarar, seier Helge Skogseth Berg.

Bratt moro tjuvstartar konferansen med eit miniseminar for lokal næring. I tillegg blir det ein prat med lokale fjellfolk, der blant anna TV-serien Fjellfolk som gjekk på NRK, blir tatt opp.

– Programskaparane Torje Bjellås og Arve Uglum frå NRK Sogn og Fjordane vil koma og fortelja om suksesserien «Fjellfolk» og om det komande programmet «Den gamle mannen og breen», seier Os.