Hopp til innhold

«Oi, dette hadde me ikkje venta»

– Publikum er overraska over at det finst noko slikt. So vidt eg veit er app'en unik, seier Håvard Halvorsen i nLink som står bak programmet som skal dokumentera Fjellsportfestivalen på ein ny, meir personleg måte.

Håvard Halvorsen
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fjellsportfestivalen byrja tysdag, og kvar dag har deltakarane boltra seg i meterdjup laussnø i fjella i Sogndalsdalen. For å dokumentera dette på ein ny måte har festivalen fått utvikla ein ny app til smarttelefonar.

Direkte opplasting til heimesida

Fjellsportapp

FJELLSPORTAPP

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– App'en er laga for å tilby deltakarane noko nytt. Ein kan ta bilete med appen som hamnar på Fjellsportfestivalen si heimeside med ein gong, og på app'en til alle andre som har lasta den ned, seier Halvorsen.

Sogndalsfirmaet nLink har utvikla app'en på oppdrag frå festivalen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fjellsportfestivalen

Fjellsportfestivalen

– Me håpar at andre festivalar vil få auga opp for app'en, slik at me kan selja den vidare. Det har vore ein del arbeid med den, men no er grunnlaget lagt, seier Halvorsen.

Den har blitt godt motteke, og det er komme inn fleire hundre bilete.

– Skal skriva historia

fjellsportapp

ENKEL: App'en har tre enkle val som tilbyr informasjon og bilete.

Foto: skjermdump

Fjellsportfestivalen er ferdig sundag, og etter det skal alle bileta som er komme inn samlast i eitt stort bilete som blir Fjellsportfestivalen si kronologiske historie i år, sett frå deltakarane sin ståstad.

– Tilbakemeldingane har vore overraskande gode, og dei syns det er moro å sjå bilete som andre har teke, seier Halvorsen.

«Bussruter»

Laussnøekspressen er blitt eit populært tilbod i Sogndalsdalen. Bussen fraktar skikøyrarar som kjem ned frå fjellsida langs riksveg 5 og tek dei med tilbake til Hodlekve skisenter.

– Me har også laga ein applikasjon slik at laussnøkøyranane kan finna ut kor laussnøekspressen er, slik at dei kan berekna nedkøyringa etter den. Då slepp dei å stå i vegkanten i opp mot ein halvtime, seier Halvorsen.

Video Pudderekspress i Sogndal

Pudderekspress i Sogndal