Hopp til innhold

Fjellsportfestivalen lokkar med skredkurs berre for jenter

SOGNDAL (NRK): Det eksklusive kurset har som mål at det ikkje alltid er «gutta» som skal stake ut kursen i fjellet.

Skredkurs for kvinner

EKSKLUSIV GRUPPE: Deltakar Ellen England og kursleiar Marit Svarstad Andersen gjer seg klare til fjelltur der målet er å lære meir om skred.

Foto: Einar Løken

Fjellsportfestivalen er i gong og tusen skientusiastar gjer seg klare til å ta seg ut i fjellheimen i Sogndal. Men det er meldt stor snøskredfare i fjellet, og festivalen byr på fleire skredkurs for deltakarane.

Mellom dei eitt for berre jenter.

– Målet er at jenter skal bli flinkare til å gå foran og ta avgjersler, planleggje fine toppturar, finne god snø og ha det gøy på tur, seier kursleiar Marit Svarstad Andersen.

Skreda vart ein vekkar

Kurset er for dei som går ein del toppturar og som allereie har litt kjennskap til snø og skred. Kurset er praktisk retta med tre dagar ute på tur. Det blir fokus på turplanlegging, innføring i bruk av skredvarsel, vurdering av lokal skredfaregrad, vegval og køyremønster, og redning.

Ellen England frå Sogndal er ei av dei som let seg lokke.

– Eg vart med fordi eg vil føle meg tryggare i fjellet. Og ikkje minst fordi det var for jenter, det gjorde at eg trudde lista vart lagt litt lågare, seier ho.

Ho går mykje på tur i fjellet. Skredlaurdagen i Hodlekve for tre veker sidan vart ein vekkar og gjorde ho enno sikrare på at ho ville lære meir om å ferdast trygt.

– Eg hadde tenkt meg på tur den dagen, men eg berre snudde og reiste heim att, for det var skummelt å sjå, seier ho.

Menn tek større sjansar

Forsking syner at 26 av dei 29 ski- og brettkøyrarane som omkom i skred dei siste åra er menn.

Kursleiar Marit Svarstad Andersen har ikkje merka det på sine eigne turkameratar, men trur risikoviljen blant menn kan vere noko større.

– No er det moglegvis fleire menn som går på topptur i skredterreng, slik at det kan påverke statistikken noko. Og det kan og tenkast at menn tek litt fleire sjansar, og at kvinner er litt meir defensive, seier ho.

  • varsom.no kan du halde deg oppdatert på snøtilhøva der du har tenkt å gå på tur.

Framleis høg skredfare

Gjert Grødal er føraransvarleg under festivalen. Han seier interessa for jentekurset var stor.

Gjert Grødal, føraransvarleg under fjellsportfestivalen

FULLTEIKNA: Gjert Grødal, føraransvarleg under fjellsportfestivalen, seier det er lettare å få jentene med når det vert arrangert eigne kurs berre for dei.

Foto: Terje Gilleshammer

– Det vart fullt ganske fort. Det viser seg at det er lettare for jenter å melde seg på, når det er eigne kurs berre for dei, seier han.

Han trur at eit slikt kurs vil setje jentene i stand til å planleggje og gjennomføre turar på eigen hand, utan å vere avhengige av andre.

Vêret vi har hatt denne vinteren har gjort at skredkunnskapen til fjellfolket har blitt sett på prøve.

– Det er framleis relativt høg skredfare. I høgda er det enno svake lag i snøen, og lengre nede kan vi få våte og tunge laussnøskred, seier han.

Folk oppsøker stadig heftigare terreng

Svake snølag har ein annan konsistens enn som er over og kan kollapse under belastning, slik som no når ein ekstra tung snø har lagt seg oppå.

– Men på sikt kan det vere gunstig at denne våte snøen trekkjer ned og dei svake laga blir øydelagde, seier Grødal.

Han tykkjer miljøet i Sogndal har vore flinke til å diskutere kva som skjedde då skreda losna for tre veker sida, og mange vanlege skikøyrarar har gode kunnskapar om skred.

– Men samstundes som utstyret blir stadig heftigare, oppsøker folk stadig heftigare terreng. Så det berre er å fortsette å vere fokusert på dette temaet, seier Grødal.