Hopp til innhold

Fjellskred gir fare for flodbølgje

Fjellskred på Vestlandet er det einaste som kan gi det forskarane kallar «høg flodbølgjefare» i Nordaust-Atlanteren.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

UNDERSØKT: Fjellområdet Stampa i Aurland kan i verste fall skape ei stor flodbølgje. - Men det er ingen grunn til å miste nattesøvnen av dette, seier Carl Habitz.

Foto: Aurland kommune.

Den første kartleggjinga av regional flodbølgjefare er no gjennomført i det nordaustlege Atlanterhavet, melder forskning.no.

Konklusjonen syner at den største flodbølgjefaren skuldast ustabile fjellsider med moglege fjellskred på Vestlandet - mellom anna Stampa-området ved Flåm i Sogn og Fjordane.

Faren er knytt til fjordane

- Det er viktig å vere klar over at dette er eit relativt omgrep, og det er framleis ikkje slik at befolkninga langs norskekysten bør miste nattesøvnen, seier flodbølgjeekspert Carl Harbitz ved NGI (Norges Geotekniske Institutt) til nettstaden.

Undersøkinga syner at flodbølgjefaren i Norge først og fremst er knytt til fjordane.

Tidlegare har det vore ei rekkje katastrofale fjellskred i norske fjordar, mellom anna i Loen i 1905 og 1936 og i Tafjord i 1934.

Kan bruke vatnet til kraftproduksjon

Fjellområdet Stampa ved Flåm i Sogn og Fjordane er ustabilt, og kan gi opphav til eit skred med påfølgjande flodbølgje i store delar av Aurlandsfjorden.

LES OGSÅ:

Det renn mykje vatn gjennom sprekkar nede i fjellsida, og det blir no vurdert om dette vatnet kan bli drenert til kraftproduksjon, skriv forskning.no.