NRK Meny
Normal

Fjellovergangar kan bli nattestengde som følgje av kutt

LEIKANGER (NRK): Stenging av venterom og rasteplassar, utsett opprydding etter ulukker og ras er noko av det politikarane kan måtte kutte for å spare pengar på samferdsle.

Samferdsleutvalet samla til diskusjon om kutt.

KUTT: Samferdslepolitikarane står føre tøffe avgjersler når dei skal ta stilling til kva som skal løyvast pengar til og ikkje. I dag var det vedlikehald som var tema i møte, og no vil dei ha alle område i sektoren under lupa samstundes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

– Er det ein ting som vi skal vise veljarane våre, så er det at vi tek vare på tryggleiken deira når dei ferdast på vegane. Det er ikkje tema å gå på akkord med det i det heile tatt, seier høgrepolitikar Bjørn Hollevik.

Bjørn Hollevik

TRAFIKKTRYGGLEIK: Bjørn Hollevik frå Høgre er uroa over konsekvensane kutta i vedlikehaldet innan samferdsle kan få for trafikantane i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Saman med resten av politikarane i samferdsleutvalet har han diskutert kva kutt som kan vere aktuelle for å spare pengar. I utgreiinga frå administrasjonen blir kutta delt i tre nivå, ut ifrå kor akseptable eller katastrofale dei er (sjå alle kuttforslaga i faktaboksen).

Bakgrunnen for kutta er at fylkeskommunen får mindre pengar i åra framover, og må samla sett gjere kutt på over 200 millionar kroner.

Vil ha alle kutt på bordet

For politikarane var det ubehagelege forslag som vart presenterte. Hollevik meiner det er andre delar av samferdslebudsjettet som heller må under lupa.

– Det er mange andre område som vi ikkje var innom i dag, som drift av ruter og investeringar innanfor sektoren vi kan sjå på. Når det kjem til vedlikehald av investeringar vi har gjort, då tek vi ikkje vare på det som er gjort og tek heller ikkje vare på trafikktryggleiken.

Samferdsledirektør Dina Lefdal la fram utgreiingar frå administrasjonen.

MINDRE PENGAR: Samferdsledirektør Dina Lefdal og resten av fylkeskommunen får mindre pengar å rutte med framover, difor må det gjerast kutt i alle budsjett. Torsdag la ho fram kva tiltak dei meiner vil gjere mest og minst vondt å innføre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Dagens møte fatta ikkje endelege vedtak, men dei raudgrøne, som har fleirtal i utvalet, gjekk i avstemminga inn for å behalde lista om lag som den vart presentert. Senterpartipolitikarar utfordra også Høgre på at det er eit paradoks at dei lokalt vegrar seg for å gjere kutt som er påført av partiet sentralt, i og med at ein gjev fylkeskommunen mindre pengar.

– Sentralt så seier Høgre at ein skal kome trygt fram både med folk og gods, det går vi aldri på akkord med.

Samstundes ber politikarane no administrasjonen om å få på bordet absolutt alle kutt som kan vere aktuelle i sektoren, slik at dei kan vurdere vedlikehald opp mot investeringar eller rutetilbod opp mot vedlikehald.

Fylkesrådmannen skal kome med sitt framlegg til kutt 24. mai, medan fylkestinget skal ta den endelege avgjerda 14. og 15. juni.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.