Hopp til innhold

Skal smile seg gjennom 110 smertefulle kilometer

– Det blir 15–20 knallharde timar og mykje smerte. Eg har veldig blanda kjensler, seier Malene Blikken Haukøy.

Malene Blikken Haukøy

NYTT EVENTYR: Malene Blikken Haukøy er ei av dei beste kvinnelege fjelløparane i Noreg, og ein av dei beste på randonee-ski. Då ho fullførde Hornindal Rundt for fire år sidan trudde ho 75 kilometer var maksimalt ho kunne klare. Om to veker spring ho 110 kilometer.

Foto: Håvard Nesbø

Fredag 26. juli klokka 22 legg 28-åringen frå Høyanger ut på sitt definitivt lengste fjelløp til no.

Startskotet i Kaprun, ved foten av austerrikske Grossglockner nasjonalpark, markerer starten på det 110 kilometer lange fjelløpet Grossglockner ultra trail.

– Eg trur ikkje eg har teke meg vatn over hovudet, men det er frykteleg langt. Det er inga sjølvfølgje å springe 110 kilometer i fjellet, så fort som mogleg utan trøbbel, seier Malene Blikken Haukøy, også kalla den norske fjelløpsdronninga.

– Veit det blir vondt

Det er nokre veker att, men Blikken Haukøy kjenner på kroppen at noko nytt og ukjent ventar.

– Innimellom gler eg meg, og ser positivt på ei kjekk og ny utfordring. I neste augneblink lurer eg på kva eg har gjort. Eg veit kor vonde og kjipe dei siste 70 kilometerane blir, seier ho.

Løypeprofilen til Grossglockner

LØYPEPROFIL: Det meste av løypa ligg mellom 2000 og 3000 meter over havet. – Det blir krevjande for min del, vedgår Malene Blikken Haukøy.

Foto: Ultratrail.at

Då invitasjonen kom, var 75 kilometer lange Hornindal Rundt hennar lengste fjelløp. Her har ho til gjengjeld også løyperekord med 10:32:39.

Løpet i Austerrike er 35 kilometer lenger.

Blikken Haukøy måtte tenkje litt på det, men nysgjerrigheita lokka henne til å seie ja.

– Eg har tenkt på distansen i nokre år. Det er noko med å krysse 100 kilometersgrensa. No får eg moglegheita til det, seier ho.

– Blir litt øydelagd

Malene Blikken Haukøy

RANDONEE: Malene Blikken Haukøy er ikkje berre ei av dei beste kvinnelege fjelløparane i Noreg. Ho er også blant dei beste på randonee og sette i fjor verdsrekord med 15.500 høgdemeter på eitt døgn.

Foto: INE EFTESTØL / NRK

Blikken Haukøy sprang i fjor 300 kilometer, fordelt på seks dagar, langs Sognefjorden til inntekt for MS-forbundet . Ho har også eit utal andre fjelløp under skosolane.

– Ein blir mentalt litt øydelagt av å gjere slike ting. Ein får eit sug mot å pushe grensene og utfordre seg sjølv. Har du sprunge 50 kilometer, så vil du springe 70 kilometer og så vidare, seier 28-åringen og held fram:

– Det å meistre og gjennomføre noko ein er usikker på, gir ei veldig god kjensle. Eg har også ei dragning mot det ukjende og ekstreme. Eg er nysgjerrig på ny utfordringar.

Budd på mentale motbakkar

Utanom at det blir 6.500 høgdemeter i mellom 2000 og 3000 meters høgde, veit Blikken Haukøy lite om det som ventar i Austerrike.

Distansen ho skal legge bak seg tilsvarar Oslo – Svinesund ein veg.

– Løypa er ikkje frykteleg bratt. Det blir mykje opp og ned, seier ho og er vel budd på at det også mentalt blir mange motbakkar.

Malene Blikken Haukøy

SOGNEFJORDEN: I fjor sprang Malene Blikken Haukøy Sognefjorden på langs til inntekt for MS-forbundet. Det gav 53.000 kroner til forbundet.

Foto: Håvard Nesbø

– Eg er innstilt på at det ikkje blir fryd og gaman heile vegen, men eg håpar på lysglimt undervegs, seier ho.

– Korleis taklar du smertene?

– Eg plar overdrive det positive. Det kan vere småting langs løypa, som fin utsikt eller fin sti. Det handlar om å overtyde seg sjølv om at ein har det fint.

Taklar smerta med eit smil

– Dessutan trur eg på å smile. Det blir sagt at kroppen lar seg lure av eit smil, seier ho.

– Og det gjer du?

– Eg har gjort det siste åra. Om det hjelper eller ikkje, det veit eg ikkje. Men placebo er også ein veldig positiv effekt å ta med seg. Så lenge ein trur på det, så fungerer det.

Tida fram mot løpet går til mengdetrening og å halde seg skadefri. Og ho håpar det skal gjere ho klar for løpet. Å bryte er ikkje noko alternativ.

– Du skal krysse målstreken uansett om du spring, går eller kryp?

– Eg er litt sta på akkurat det og har ikkje brote mange løp til no.

– Er det råd å overgå Grossglockner Ultra Trail?

– Det er mange liknande løp kring om i verda. Vil ein springe 130 eller 150 kilometer, så finn ein dei løpa også. Men ein må finne ut om ein likar dei først.

Og det vil ho finne ut når ho spring i mål 27. juli.