Hopp til innhold

Fjellet rasar plutseleg ut under dei: – Ein del av jobben

Rassikring er ikkje for pyser. Sjå den dramatiske videoen filma av fjellsikrarar på oppdrag utanfor Måløy.

Fjellsikrar Ole-Robert Skjoldal Kalve filma då fjellet rasa ut.

DRAMATISK: Først losnar ein liten stein, så byrjar heile fjellet å røre på seg. Riksvegen under var stengt under arbeidet. (Foto: Ole-Robert Skjoldal Kalve)

Ole-Robert Skjoldal Kalve frå Norsk Bergsikring var for halvannan månad sidan ute for å reinske opp i fjellet på riksveg 617 mellom Måløy og Raudeberg. Strekninga er svært rasutsett. Midt i arbeidet bestemte han seg for å ta opp mobilen.

For han skjønte at her var noko i emning.

– Det har vore mykje sånt der ute. Vi visste at den kom, så det var heller ikkje noko fare, seier han.

Det var Fjordenes Tidende som var først ute med den dramatiske videoen. Heilt utan forvarsel losnar plutseleg ei gigantisk steinblokk og rasar ned mot riksvegen under. Men Skjoldal Kalve seier dei begge tok situasjonen med ro.

– Det er heilt daglegdags for meg og berre ein del av jobben, seier fjellsikraren.