Lustring fekk kulturminnepris

Geir Vetti (51) frå Skjolden er tildelt Riksantikvarens kulturminnepris.

Riksantikvar Jørn Holme (f.v.), prisvinnar Geirr Vetti og ordførar i Oslo, Fabian Stang.

FEKK PRIS: Geirr Vetti (i midten) fekk utdelt Riksantikvaren sin kulturminnepris under ei tilstelling på Oslo Rådhus. Her saman med riksantikvar Jørn Holme (t.v.) og ordførar i Oslo, Fabian Stang.

Foto: Siri Wolland (Riksantikvaren)

Prisen vart delt ut av ordførar Fabian Stang i Oslo på Riksantikvarens 100-årsdag.

– Dette var totalt uventa. Ei kolossal oppmuntring for meg, samstundes som det føre med seg ei plikt å få ein slik gjev pris, seier Geir Vetti.

Formidlar sherpaer

Det er første gong at prisen blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særskilt innsats for bevaring, formidling og istandsetjing av kulturminne.

Vetti har vore sentral i istandsetjinga av fjellgardane Fuglesteg og Ormelid i Luster, og han har bygt opp sin eigen fjellgard Skåri. I mange år har han formidla nepalske sherpaer til istandsettingsarbeid i Norge.

Juryen meiner Vetti har vist uvanleg sterkt engasjement for kulturminne, og fleire istandsettingsprosjekt har nytta seg av kompetansen hans.

(Artikkelen held fram under TV-saka frå 2006)

Video Sherpaer bygger i stein

SJÅ TV-SAK: Geirr Vetti har i mange år fått hjelp av sherpaer frå Nepal på fjellgarden sin i Luster.

– Grensar til sjukleg

Sjølv kallar Vetti seg husdoktor, snikkarmeister og fjellbonde. Juryen derimot skildrar ei sterk eldsjel med uvanleg sterkt engasjement, og som har lagt end eit enormt arbeid for bevaring og istandsetjing av eldre bygningar og kulturlandskap.

51-åringen seier han har hatt ein glødande lidenskap for gamle hus frå han var liten og vedgår at det nær grensar til det sjuklege.

– Eg blir fysisk dårleg når eg ser eit hus som forfell, og det er ei livsoppgåve for meg å ta vare på kulturarven, fortel Vetti,

Nøgd fylkeskonservator

Fylkeskonservator Eva Moberg hos Sogn og Fjordane fylkeskommune er storveges nøgd med at ei eldsjel frå fylket fekk prisen.

– Geirr Vetti har lagt ned ein formidabel innsats for istandsetting av eldre bygningar og kulturlandskap. Han har ein handverkskompetanse som er særs etterspurt og er ein formidlar som inspirerer og gleder andre med sitt sterke engasjement for kulturarven, seier ho.