FJALER: Denne karen har lyst å ta over ordførarklubba

Senterpartiet går kraftig fram i Fjaler, medan Arbeidarpartiet går nesten tilsvarande tilbake. Ordførarkandidat Kjetil Felde frå Sp håpar på eit politisk skifte på ordførarkontoret.

Kjetil Felde

ORDFØRARKANDIDAT: Kjetil Felde gler seg stort over framgangen til Senterpartiet. Her er han på valvaken på Sunnfjord Hotel i Førde der partiet fargar salen grøn med ballongar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vallogo

– Eg har veldig lyst å bli ordførar. Eg trur det er sunt for ein kommune å ha eit skifte i den politiske leiinga.

– Og du meiner Arve Helle har vore ordførar lenge nok no?

– Ja. Han har vore i stolen i 12 år. Det er lenge, konstaterer Senterparti-politikaren.

– Har tent på tydeleg distriktspolitikk

Frå valvaka på Sunnfjord Hotel i Førde jublar han over framgangen til partiet. Klokka 01 natt til tysdag er Senterpartiet største parti ved fylkestingsvalet med 33,3 prosent av stemmene. I Felde sin heimkommune har partiet gått fram 17,3 prosentpoeng til 36,2 prosent.

– Vi er kjempenøgde, absolutt, strålar ordførarkandidaten.

– De har nesten dobla oppslutnaden, hadde du trudd det?

– Vi hadde trua, det hadde vi. Vi har hatt så mange i partiet som har jobba hardt, seier Felde som trur partiet har tent på ein tydeleg distriktspolitikk.

– Vi er opptekne av å ta vare på bygdene vi har rundt i kommunane våre. Det gagnar ikkje Fjaler kommune å styrke sentrum, vi må ha bygder for å overleve, seier Felde.

Trass den formidable framgangen torer ikkje Felde å håpe på ordførarvervet slik ting er no. Han seier dei har fått signal som tyder på at det ikkje blir heilt enkelt å ta over.

– Men trur du at det er mogleg at du blir ordførar?

– Det er klart vi har ein moglegheit til å få det til. Forhandlingane vil vise kor vi endar, seier Felde som trur Venstre vil bli jokeren i forhandlingane i Fjaler.

Arve Helle

HELD HAN FRAM? Arve Helle og Ap går kraftig tilbake, men det kan framleis bli Helle som held fram i ordførarrolla.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Svært skuffa ordførar

Sitjande ordførar Arve Helle vedgår at han er skuffa over Arbeidarpartiet sitt resultat i Fjaler. Med ein tilbakegang på 15,6 prosentpoeng landar partiet på 30,4 prosent og mister fire av sju representantar i kommunestyret.

– Eg er sjølvsagt skuffa, det er ikkje meir å seie. Men det er slik at det er veljarane som bestemmer, og det er ikkje noko anna å gjere enn å ta resultatet innover seg, seier han til NRK.no natt til tysdag.

Helle seier dei var klar over at det var saker som kunne gjere valet vanskeleg for dei, og trekk fram skule- og barnehagestruktur og vegvedlikehald som dei viktigaste.

– Når eg ser kven som har gått fram og kven som har gått tilbake er eg overtydd om at dei sakene har slått ut, seier han og held fram:

– Og etter 12 år måtte eg vel gjerne vente at nokon var trøytte av meg.

– Alt er mogleg

Kven som blir ordførar i Fjaler dei neste fire åra kan heller ikkje Helle svare på natt til tysdag.

– Dei fleste er innstilte på å sove på dette til i morgon, men vi er ikkje lenger i ein posisjon der vi styrer dette. Men det er opp til fleire fleirtalskonstellasjonar som er moglege, seier han.

– Akkurat i natt er eg ikkje i modus til å tenkje på dette. No treng eg nokre timar til å fordøye skuffinga.