– Eg har aldri møtt nokon som syng og er sure, i alle fall, seier inspirator Charlott-Renee Sandvik Clasen. Ho var i Fjaler for å informere om prosjektet «Krafttak for song» i går kveld.
Prosjektet har som mål å skape eit syngande samfunn, der songen skal vere med på å betre folkehelsa.
– Du ser det så tydeleg når nokon begynnar med song. Dei blir rakare i kroppen, dei tar i meir og har meir energi. Også smiler dei.
Den syngande kommunen er ein del av ein eksklusiv klubb.
– Fjaler er ein av 14 pilotkommunar som skal vere med, og ein del av pakka er at eg som inspirator kjem til kommunane og gjev eit dytt i rett retning, seier ho.
– I tillegg skal vi kurse alt frå førskulelærarar til eldreomsorga i å bruke song aktivt i kvardagen, seier Sandvik Clasen.
Les også:
Heiv seg på tilbodet
– Vi får ofte tilbod om både det eine og det andre på e-post, men dette var noko vi veldig gjerne ville prøve, seier Ingeborg Tysnes, som er kultursjef i Fjaler.
Ho vil gjerne styrke nettopp songmiljøet i kommunen.
– Fjaler gode på kultur, og vi har veldig mykje bra frå før, så eg tenkte det kunne vere bra å gje songkulturen eit ekstra løft.
Dei håpar tiltaket kan hjelpe dei med å nå den vanskelegaste aldersgruppa.
– Vi har alt frå song ved livets byrjing til musikk for demente. Utfordringa er å få med «dei mellom 19 og 34» som vi seier, men no skal vi prøve å starte eit ungdomskor, seier ho.
Lokalbefolkninga har mykje å glede seg til.
– I tillegg til korøvingar vil vi prøve å arrangere allsongkveldar. Det blir bra, seier ho.
Les også:
Dei lokale har trua
– Dette var jo veldig kjekt. Eg syng stort sett heile tida, eg, seier Målfrid Skaar nøgd.
Ho er ein av dei som har teke turen til Fjalerhuset for å høyre om prosjektet.
– Vi eldre song mykje på skulen, i dag kan det kanskje verke som om kulturskulen tek over for det, seier ho.
Ho håpar no at også den yngre garde kan engasjere seg i songen.
– Fjaler er allereie veldig gode på musikk. No får vi håpe at dei unge vil bli med, seier ho.
Hilary Hamper arbeider på helsestasjonen i Fjaler, og har tidlegare vore lærar ved United World College i Flekke. Ho er heilt einig med korvenninna Skaar.
– Dette er ein kjempegod idé! Når vi syng saman har vi det kjekt. Musikken gjer oss veldig glade, og det er noko alle bør få lov til å oppleve, seier ho.