NRK Meny
Normal

Fjaler seier ja til felles legevakt

Men selskapsavtalen er vedtatt med eit stort men, seier Fjaler-ordføraren.

Legevakt

Fjaler seier ja til felles legevakt, med eit vilkår.

Foto: Grafikk: Kari Løberg Skår / NRK

Kommunestyret i Fjaler har vedtatt selskapsavtalen for legevaktsamarbeid i Sunnfjord og Ytre Sogn. Men ifølgje ordførar, Arve Helle, er det eit stort men i vedtaket.

For måndag føremiddag la Helse Førde fram eit budsjett som foreslår å kutte ambulansen i Aurland, Jølster og enten Lavik eller Fjaler. Ifølgje Helle er eit godt ambulansetilbod sentralt for heile legevaktsamarbeidet og dersom kutta vert gjennomført kan vedtaket bli endra.

Samarbeid kan ryke

- Viss Helse Førde sitt styre på fredag vedtar endringar i ambulansestrukturen i Fjaler og Hyllestad vil eg kalle inn formannskapet og ta saka opp på nytt.

- Er det då lite truleg at kommunen vil bli med på legevaktsamarbeidet?

- Det er ein viss fare for at heile samarbeidet ryk, ja, seier Helle.

Uendra i Hyllestad

Måndag ettermiddag seier Helse Førde at ambulansetilbodet i Fjaler blir som i dag. Derimot vert dagambulansen i Lavik lagd ned. Det seier informasjonssjef i Helse Førde, Arne Eithun.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast