Hopp til innhold

Fjaler seier ja til bompengar

Kommunestyret i Fjaler i Sunnfjord seier ja til å finansiere eit vegprosjekt med bompengar. Kommunestyret tok stilling til utbetring av fylkesveg 57, skriv VG. Vedtaket vart gjort med heile 21 mot 2 røyster. Fjaler går dermed mot trenden i fleire kommunar, som dei siste vekene har sagt nei til lokale bompengeprosjekt. – Det er ingen som synest bompengar er svære greier i seg sjølv, men eit fleirtal meiner at det er så viktig å kome i gang med denne vegen at ein er villig til å sjå på ei brukarfinansiering, seier Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang til NRK.