Hopp til innhold

Fjaler satsar på førebygging

Fjaler aukar stillinga som folkehelsekoordinator til 100 prosent.

Dale sentrum

SATSAR PÅ FØREBYGGING: Dale sentrum, Fjaler.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Ordførar Arve Helle trur dei vil spare meir pengar enn dei brukar på å utvide stillinga.

– No er vi ganske ferske på dette med folkehelsekoordinator, slik at no ønskjer vi å auke opp denne stillinga og bruke meir ressursar på det. Vi er heilt overtydde om at vi kjem til å sjå resultat der.

Fram til i dag har stillina vore 50 prosent. Sjølv om satsing på folkehelse og førebyggande arbeid er vanskeleg å måle, er Helle overtydd om at det er noko som vil gi kommunen vinst i forhold til innsparingar.

Arve Helle

TRUR PÅ FØREBYGGING: Ordførar Arve Helle

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ta no til dømes ufordringane vi ser føre oss med tanke på overvekt og stadig meir stillesittande ungdom osb.

Helle har stor tru på å bruke ressursar på førebygging og det å gjere tiltak i tidleg alder.

– Det trur eg kan spare oss ein del pengar. Likeeins det å få folk raskare ut i arbeid etter sjukdom, førebygging blant eldre osb. Så vi har stor tru på at dette skal kunne gi oss innsparingar, seier Helle.