Hopp til innhold

Veslebror fekk toppen på Venstre-lista

Nominasjonsnemnda for Vestland Venstre har samrøystes føreslått Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang som listetopp til det nye Vestland fylke.

Gunhild Berge Stang

LISTETOPP: Gunhild Berge Stang er nominert på topp for Vestland Venstre. – Eg hadde eit håp, så no er eg veldig glad og motivert for å byggje ein sterk vestlandsregion, seier Fjaler-ordføraren.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit/NRK

– Eg visste at det var mange gode kandidatar og at nålauget vart krevjande. Difor er eg desto meir takksam og audmjuk for dette, seier Gunhild Berge Stang.

Peika seg tidleg ut

I dag vart det klart at nominasjonsnemnda for Vestland Venstre vil ha 44-åringen frå Askvoll som ordførarkandidat til valet neste år.

Leiar i nominasjonsnemnda, Peder Lofnes Hauge, seier Stang peika seg tidleg ut som eit naturleg førsteval.

– Ho har solid erfaring både som ordførar, fylkestingsrepresentant i Sogn og Fjordane og som medlem av Venstres landsstyre. Ho har både tillit og standing innanfor Venstre – lokalt og nasjonalt, seier leiar i nominasjonsnemnda, Peder Lofnes Hauge.

Veslebror til topps

Berge Stang er glad for at nemnda såg vekk frå at Hordaland er storebror, og gav topplasseringa til veslebroren i nord.

– Det er sympatisk, men så er heller ikkje adressa viktigast, seier Stang.

– Eg er veldig glad og motivert i høve til det med å bygge ein sterk vestlandsregion. Det er ein av dei viktigaste grunnane til at eg valde å engasjere meg politisk i 2005/2006, seier ho og legg til:

– Eg kjem frå ein distriktskommune, men har Vestlandet i blodet. Eg er oppteken av næringsutvikling og å byggje Vestlandet som region. Vestlandet har moglegheiter, næringsliv og føresetnad for å skape vekst.

Delt innstilling på andreplass

Geir Kjell Andersland og Anne Beth Njærheim er begge innstilt på andreplass. Dei to sit på fylkestinget i Hordaland.

Nemnda meiner begge er gode andrekandidatar, både i valkampen og i det politiske arbeidet i Vestland fylkesting.

– Både Geir Kjell og Anne-Beth har lang politisk røynsle og nemnda syntest det var krevjande å velje. Vi vektla ulike moment, og landa på ei delt innstilling, seier Lofnes Hauge.

Unge Venstre på tredje

Nominasjonsnemnda har samrøystes føreslått Agnes Hoshovde Bernes på tredjeplass. Ho er innstilt til Unge Venstre sitt sentralstyret og var Unge Venstre sin prioriterte kandidat. Bernes sit i kommunestyret i Radøy.

– Det er kjekt å kunne plassere unge kandidatar høgt på lista. Agnes er eit stort talent som Vestland Venstre ynskjer å satse på, seier Lofnes Hauge.

I nominasjonsarbeidet har nemnda så langt som råd forsøkt å balansere omsynet til geografi- og kjønnsfordeling.