Leiar i Fellesforbundet, Atle Sandnes, sa fredag at han meiner Dale sko blir skvisa til fordel for ei meir trendy bedrift. Men Fjaler-ordføraren seier saka slett ikkje er avgjort, og at kommunen jobbar intenst med å få til ei ordning begge partar er nøgde med.
Kort fortalt er saka som følgjer: Svenske Birgitta Ralston og franskmannen Alexandre Bau er to unge designarar som har busett seg i Fjaler. Dei vil starte opp ei nyskapande bedrift, Transplant, men har slite med å få tak i eigna lokale. No vil dei ha hallen der det i dag vert produsert sko. Og det hastar, for designerparet har støttespelarar som ventar.
Vil ikkje flytte
Eigentleg skulle denne saka vore opp- og avgjort i Fjaler kommunestyre førre tysdag, og då låg det an til at den innovative designbedrifta skulle få overta lokala Dale Sko i dag leiger av Fjaler kommune. Men Dale Sko vil slett ikkje flytte, og saka viste seg så vanskeleg for politikarane at ho vart utsett.
Ekstraordinært kommunestyremøte
I etterkant har det pågått ein svært så offentleg debatt om kven som bør prioriterast; den gamle skofabrikken eller den nye bedrifta. Saka skal opp i eit ekstraordinært møte i Fjaler kommunestyre 20. eller 21. september.