Hopp til innhold

Fjaler-bedrift kjøpt av internasjonalt firma

Teknologibedrifta Enoro har blitt kjøpt opp av Hansen Technologies.

Elis i Dale.

TEKNOLOGIVERKSEMD: I desse lokala i Fjaler held Enoro.

Foto: Oddmund Haugen

I dag kom nyheita om at Fjaler-verksemda Enoro har fått ny eigar.

Det var avisa Firda som først melde om dette.

Det er det internasjonale IT-firmaet Hansen technologies som har kjøpt dei.

Administrerande direktør i Enoro, Stian Madsen, seier at det har vore stor interesse rundt Enoro i salsprosessen.

– Hansen var den aktøren som trakk vinnarloddet. Dei har kjøpt oss på grunn av den posisjonen vi har, og dei vil bygge vidare på produkta og kompetansen vår.

– Kva vil dette bety for Enoro?

– Personleg er eg veldig fornøgd med å få Hansen som eigar. Vi har no fått ein industriell eigar som kjenner bransjen veldig godt. Det har tru på oss og vil bygge vidare i dei marknadene vi er i.

Enoro har dei siste åra blitt eit leiande selskap i Europa innan programvare-teknologi for kraftselskap. Dei har i dag hovudkontor i Dale og avdeling i Førde, med om lag 100 tilsette. Dei har totalt 130 tilsette i Norge.

Får australsk eigar

Hansen Technologies er eit australsk firma som har sitt hovudkontor i Melbourne. Dei har og kontor i ei rekke andre land, mellom anna USA, England, Kina, Brasil og Danmark.

Madsen trur på vidare vekst og lovar at bedrifta vil behalde Dale som hovudkontor.

– Dale er hjartet i produktet Enoro og det vil det forbli. Vi har veldig trua på at vi skal klare å bygge vidare kompetanse med dei lokasjonane vi har i dag. No kan vi vekse både lokalt og internasjonalt.

- Vi må jobbe med infrastrukturen

Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang, seier ho har eit godt inntrykk av den nye eigaren.

– Eg har inntrykk av at det vil vere ein god eigar. Eg ser fram til å ha ein dialog med Hansen slik at vi saman kan sikre og utvikle Enoro i Dale.

Ho fryktar ikkje at dei skal miste arbeidsplassar i Dale som ein følgje av eigarbytte.

Gunhild Berge Stange

TRUR PÅ HANSEN: Ordførar i Fjaler, Gunhild Berge Stang, trur Hansen technologies vil vere ein god eigar for Enoro.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Vi skal gjere ein jobb med å synleggjere Dale og Sogn og Fjordane som ein god lokaliseringsstad for Enoro. Dei har jo trass alt bygt opp eit fantastisk spennande IT-miljø i heile Sunnfjord-regionen. Det er heilt klart at vi må gjere ein jobb i forhold til infrastruktur. Det er jo den store utfordringa for Enoro og alle andre bedrifter i vår region, seier Stang.