Hopp til innhold

Fjærlendingane skal byte kommune for tredje gong

Fyrst låg bygda inst i Fjærlandsfjorden i Leikanger, deretter i Balestrand, og så i Sogndal. Får regjeringa det som ho vil, skal fjærlendingane igjen byte kommune.

Ein kar i Lidal skal vere med ferja

FERJA PÅ FJÆRLANDSFJORDEN: "Firda" går innom Lidal, ei av dei veglause Fjærlands-grendene som låg som perler på snor langsetter Fjærlandsfjorden. I dag er dei fleste fråflytte. Ferja er på veg mot Balestrand frå Fjærland. Fotoet er teke i 1974, første året ferja var i drift.

Eg les framleis med særskild interesse alt som står om Balestrand i lokalavisa. Det seier leiaren i Fjærland sogelag, Anders Bøyum, 17 år etter at Fjærland gjekk ut av Balestrand.

– Det var dit vi fòr når vi hadde gjeremål eller skulle til legen og slikt, seier han.

Og det var i Balestrand mest alle ungdomane gjekk på framhaldsskule eller realskule. Men Bøyum poengterer at sjølv om Fjærland no atter kjem i kommune med Balestrand, så vert det annleis enn før.

Medan ein ventar på saueskyss

MEDAN EIN VENTAR PÅ TRANSPORTBÅTEN: På kaia i Jordal, Fjærland. Fv. Olav Rauboti, Steinar Distad, Johannes Rauboti (med beina utfor kaia) og Konrad Romøyri. Far og son Rauboti har kome i robåten vi ser. Dei har rodd frå Rauboti, ei av dei andre veglause grendene på vestsida av Fjærlandsfjorden, lenger ut mot Balestrand. I bakgrunnen, tømmer som skal inn til Mundal for å sagast opp, og den første tohjulstraktoren i Jordal. 1976

Foto: Atle Romøren

– Den gongen var Balestrand den næraste grannen vår i omverda, endå så lang sjøreisa var.

Båten hentar sauene

SISTE REIS: Sauene har kome om bord i Aurlandsbåten «Worksman», og har nytt sin siste sumar i Fjærlandsfjella. På hi sida av fjorden skimtar ein grenda Lidal, som til liks med Jordalgrenda sokna til ytre Fjærland skulekrins. På bryggja, fv.: Olav Rauboti, Johannes Rauboti og Sigurd Romøyri. I båten: Skipper Simlenes. 1976

Foto: Atle Romøren

– I dag, med tunnelane mot Sogndal og Skei, så vil vi køyre oftare dei vegane enn vi vil gje oss ut på sjøferda mot Balestrand, sjølv om Fjærland og Balestrand no skulle finne saman att i éin storkommune.

Den gamle storkommunen

Då det førre tysdag vart kjent at Stortinget ynskjer å slå saman Leikanger, Balestrand og Sogndal med tvang, uttrykte Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd vonbrot. Men går ein langt nok attende i tid, så var Leikanger kommunesenter i sin eigen storkommune.

Unionsfolkerøysting Fjærland

FOLKERØYSTING: 13. august 1905. Fjærland og resten av landet røystar for å gå ut av svenskeunionen. Dei bunadskledde jentene attmed Hotel Mundal hadde ikkje røysterett, men det hadde alle menn over 25 år. 95 år seinare røysta fjærlendingane for å gå ut av unionen med Balestrand. I bakgrunnen: Sognefjord-fjordarm Fjærlandsfjorden møter Jostedals-brearm Supphellebreen.

Foto: Andreas Mathias Anderssen

I 1838 vart storkommunen Leikanger skipa, og Fjærland vart med i den kommunesamskipnaden. Men i 1849 skilde Balestrand seg ut frå Leikanger, og då fylgde Fjærland naturleg med. I 150 år var Fjærland så saman med Balestrand, seier sogelagsleiar Anders Bøyum.

Vegsambandet til Sogndal kom i 1994. Seks år seinare heldt fjærlendingane folkerøysting om vidare kommunetilknyting, der det med knapp margin vart fleirtal for å gå inn i Sogndal.

Fiskarar ute på Fjærlandsfjorden

ALTMOGLEGBÅTEN «DELFIN»: Kutteren "Delfin" var både fiskebåt, handelsbåt og skyssbåt som ferja folk mellom dei veglause grendene i Fjærland kyrkjesokn. Her på veg frå Bjåstad til Listad. I bakgrunnen Mundal, Fjærland. Fv. Arvid Lidal, Olav Haugen og Kåre Lidal.

Foto: Atle Romøren

Nesten halve bygda ynskte å halde seg til Balestrand. Folk hadde det vel godt, og tenkte at det var best å halde seg ved det gamle, jamvel om reisa dit, i båt, er tre gongar så lang i tid.

Bunadskledde til besøk i Fjærland

BUNADSKLEDDE VERTAR: Sidan 1800-talet har adelsfolk funne vegen til Fjærland om sumrane. Kongen av Siam og keisar Vilhelm II av det tyske riket er blant dei meir selebre gjestane som har kome siglande til bygda. Foto frå 1920-åra

Foto: Lasse Bøyum

I år 2000 kunne fjærlendingane også slått seg saman med Jølster, om dei ynskte det. Men sjølv om kommunesenteret Skei ikkje ligg lenger unna enn Sogndal, var det mest ingen som røysta for det.

– Det er noko med sogneidentitet som stikk djupt der, avsluttar sogelagsleiaren.