Hopp til innhold

Fjærland kåra som romantisk

Reisemagasinet Reiser & Ferie har kåra Fjærland til den niande mest romantiske plassen i Norge.

Tur til Fjærland
Foto: Unni Blomkvist

Dei trekk fram naturen som fascinerande.

"I Fjærland møter Sognefjorden Europa sin største isbre, Jostedalsbreen. Kombinasjonen utgjer eitt av dei mest fascinerande naturområde i verda – høge, snødekte fjell og djupe dalar, frodige grassletter og det kanskje vakraste havområdet i verda," skriv magasinet.

Ved det gamle

Dei meiner dette er ein perfekt ramme for ein romantisk utflukt, og nemner Mundal Hotel , Norsk Bremuseum og Den norske bokbyen som ting ein kan bruke tida på.

"Medan verda rundt oss forandrar seg i eit rasande tempo, er det meste ved det gamle i Fjærland" skriv dei. Og det seier dagleg leiar for Mundal Hotel, Billie Hull Orheim seg samd i.

- Hotellet er allereie i dag kjend for å vere fri for mas og stress. Her er stille og fredelig, og det er ikkje TV på romma. Det er profilen vi har lagt oss på.

All PR er god PR

Opprydding av møk framfor Mundal Hotell
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Deleigar og styremedlem i Mundal Hotel, Hilde Mauritzen, veit ikkje kor mykje ekstra gjestar dei vil få på grunn av kåringa, men seier at all PR er god PR. Og det gjeld også gjødselutsleppet på 800.000 liter før helga. Mykje av møka samla seg opp på plenen framfor hotellet. Mauritzen meiner det ikkje vil gå ut over romantikken.

- Det er slik det luktar i Fjærland. Dette gjer ingenting for oss. Det einaste som skjedde er at plenen fekk ekstra god gjødsling.

- Eg feira bursdagen min på hotellet dagen etter utsleppet, og det var ingen som klaga.

Lista

Fjærland var den einaste staden i fylket som var med på kåringa til reisemagasinet.

1. Nupen, Troms
2. Torghatten, Nordland
3. Solastranda, Rogaland
4. Jomfruland, Telemark
5. Klosteret restaurant, Oslo
6. Baroniet Rosendal, Hordaland
7. Gamlebyen i Fredrikstad, Østfold
8. Pasvikdalen, Finnmark
9. Fjærland, Sogn & Fjordane
10. Uppigard Natadal, Telemark

Meiner du Fjærland er romantisk ?