Hopp til innhold

Fisketeljing førte til full utrykning

Dykkarar frå eit biolog-firma førte i ettermiddag til ein stor leiteaksjon i Førde.

Politi leitar langs elva Jølstra i Førde

LEITA LANGS ELVA: Alt tilgjengeleg utrykningsmannskap i Førde blei sendt til elva Jølstra då alarmen gjekk.

Foto: Steinar Lote / NRK

Ein passasjer på ein buss observerte ein person i elva Anga og alle naudetatane rykte ut. Blant anna redningsdykkarar og tilsette i ambulansetenesta.

Så kom kontrameldinga: Verksemda Rådgivende Biologer hadde dykkarar i elva som dykka frå sentralsjukehuset og ned til det såkalla sandløpet.

– Dei har drive med drivteljing av fisk. Ingenting som tyder på at det er andre enn desse to dykkarane som har vore i elva, opplyser politiet.

Dykkarar frå eit biologifirma utløyste ein stor leiteaksjon i Førde i ettermiddag.

VIDEO: Sjå video av leiteaksjonen.

Laster Twitter-innhold