NRK Meny
Normal

Fisket i gang i natt: No kriblar det i kroppen til laksefiskarane

Elveeigar Knut Munthe Olsen vedgår han kjenner det i kroppen at laksefisket endeleg er i gang.

Knut Munthe Olsen

GLER SEG: Elveeigar Knut Munthe Olsen er klar for årets laksesesong.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Det kriblar absolutt, og eg ser på Facebook at det er mange som gler seg til å kome i gang. Det er fine tilhøve med ni grader i vatnet og god vassføring, og vi har sett fisk i ein høl ved hjelp av eit goprokamera.

Det er få lakseelvar det er dyrare å fiske i enn Årøyelvi, men det gjer produktet endå meir eksklusivt.

– Prisen er ikkje noko hinder, her blir mesteparten selt året før, så vi er fullbooka. Det er stort sett dei same som kjem att kvart år, men nokre nye har vi fått plass til.

Prisen varierer litt i sesongen, det er rimelegast i starten og slutten, medan midtperioden er dyrast, for det er då sjansen til å få fisk er størst.

Berre fire om gongen

– Og her har vi stor fisk, i fjor var snittvekta ti kilo, seier Knut Munthe Olsen. Han fortel at dei ikkje fiskar meir enn fire om gongen i Årøyelvi.

– Vi sel gruppevis med fire fiskarar i kvar gruppe. På den måten kan dei ha det sosialt, både når dei fiskar og når dei et og slappar av. Og her får dei full pakke, med alle måltid og overnatting, seier Knut Munthe Olsen, som fortel at han held på med å bake kake når NRK ringer han.

Kong Harald fiskar laks i Årøyelva.

EKSKLUSIVT: Kong Harald er mellom dei som har prøvd fiskelukka i Årøyelvi.

Foto: Privat

Håpar på laks over 20 kilo

Ein annan som gler seg som ein unge til klokka passerer tolv natt til torsdag er hotelleigar Preben Moen på Sandane. Gloppen Hotell disponerer 2,4 kilometer av den lakseførande delen av Gloppenelva.

– I år skal eg vere med på å fiske sjølv, så eg er veldig spent. Det er Ola Sundt Ravnestad som skal ha opningsdøgnet saman med vener av seg, og så får eg vere med. Draumen er å få ein laks på over 20 kilo eller ein aure på over sju kilo.

I alt er det rom for ti stenger om gongen. Moen fortel om svært fine tilhøve i Gloppenelva, med veldig stor vassføring.

– Eg har køyrt ekkolodd over elveosen og sett fleire ruggar. No er dei nok i elva, seier Preben Moen, som ser for seg ein døgnrytme framover med fisking om natta og jobbing om dagen.

Preben Moen

VELDIG SPENT: Hotelleigar Preben Moen skal sjølv fiske natt til torsdag.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Opning i ni elvar

I desse elvane opnar lakse- og sjøaurefisket no torsdag 1.6:

  • Årøyelvi (Sogndal)
  • Eidselva (Eid)
  • Gaula (Gaular)
  • Nausta (Naustdal)
  • Flekkeelva (Fjaler)
  • Osenelva (Flora)
  • Gloppenelva (Gloppen)
  • Åelva/Ommedalselva (Gloppen)
  • Daleelva (Høyanger)
Dobbel fiskelukke for Roar Halkjelsvik i Eidselva i natt.

GOD START: Natt til 1. juni 2014 fekk Roar Halkjelsvik denne fangsten i Eidselva.

Foto: Harald Kolseth

Opnar 5. juni;

  • Lærdalselvi (Lærdal)

Opnar 15. juni:

  • Hjalma (Eid)
  • Jølstra (Førde)
  • Oldenelva (Stryn)
  • Strynselva (Stryn)
  • Hopselva (Gloppen)
  • Vikja (Vik)
  • Hopra (Vik)
  • I tillegg ei rad mindre elvar

Opnar 1. juli:

  • Årdalselvi (Årdal)
  • Nærøydalselvi (Aurland)
  • Flåmselvi (Aurland)
  • Aurlandselvi (Aurland)
Denne helga blir Countryfestivalen på Breim arrangert for 23. år på rad. Men det er ikkje berre musikken som står i sentrum. Det gjeld å kjenna kleskodane og å ha det rette utstyret.
  
Rumlefelt får ned antall alvorlige møteulykker
  
Gondolbana i Loen, basehopparar som gjer seg klar til å hoppe, basehopparar i lufta, go pro bilete frå basehopp, Loen sett frå Hoven, Folk på Hoven, Folk tek bana opp og ned