Forskarane si verste frykt er stadfesta. Ei teljing av sjøfugl langs kysten viser ein nesten total mangel på hekkande sjøfugl.
Også i fjor vart det slått full alarm då det vart avdekka at det ikkje var ungar i store sjøfuglkoloniar på begge sider av Nordsjøen. I år er terna ein av artane som er spesielt utsett.
Fuglen treng tobis
Steinar Malkenes speidar etter sjøfugl. NRK-arkivfoto
Tobisfisken er mat for sjøfuglane, men tobisen vert altså fiska opp og mellom anna brukt som fiskefôr i lakseoppdrettsnæringa. Malkenes seier at no må politikarane ta konkrete grep for å hindre ei vidare sjøfugltragedie.
SV krev handling
Stortingsrepresentant for SV, Heidi Grande Røys, seier at SV tidleg i vår tok opp denne saka med fiskeriminister Svein Ludvigsen.
Dei vil no be om ei forklaring frå fiskeriministeren om kva han vil gjere.
Dårlegaste tobisfiske nokon gong
I går vart det sett sluttstrek for det dårlegaste tobisfisket nokon gong i dansk og norsk farvatn. Det skriv Fiskaren. Trålfiskarane meiner det er stødig nordavind i store delar av sesongen som har gjort at tobisen har vore vanskeleg å fiske.