Hopp til innhold

Slik skal du kaste fluga – lær deg å flugefiske av nordisk meister

Natt til søndag er fiskesesongen i gong mange stader, og då er det viktig å ha å kastekunnskapane på plass.

Flogefiske
Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er det vi lever for, vi som er fisketullingar, seier Tom Andre Wangensteen.

NRK møtte den nordiske meisteren i flugekasting på elvekanten av Gaula, der Osfossen buldrar litt lenger oppe. Osfossen er ein svært ettertrakta fiskeplass, med den neste eldste laksetrappa i verda.

Det er så mykje meir direkte kontakt med fisken, samanlikna med sluk.

Tom Andre Wangensteen

– Det å kjenne laksen tar, at snøret strammar seg opp og den lyden av snella når laksen rasar av garde, seier Wangensteen som er verdas nest beste på presisjonskasting.

I elvar som Eidselva, Flekkeelva, Årøyelva og Nausta opnar fiskesesongen 1. juni. I fjor vart ein laks på 6,6 kilo dregen i land i Hyen, allereie 10 minutt over midnatt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tom-André Wangensteen fortel om laksefiske.

Direkte kontakt med fisken

– Tidleg i juni er det store firmakundar som kjem for å fiske, og utover i juli er det vanlege gutegjengar som kjem for å fiske, seier Wangensteen som jobbar som instruktør delar av sommaren.

Han starta å fiske med fluge då han berre var 8 år gammal.

– Det som tiltalar meg med flugefisking er rett og slett av det er så mykje meir direkte kontakt med fisken, samanlikna med sluk, forklarar han.

– Med ei flugestong så held du snøret mellom fingrane og kjennar alt som skjer heile tida.

Mykje laks i elva

Seinast laurdag såg Wangensteen stor aktivitet i elva.

– Då kom det inn bra med laks. Den første laksen vi såg hoppe i elva var alt 2. april. Sidan har det berre auka på med laks i elva, så det er alltid bra med laks til opninga.

Wangensteen garanterer at det ikkje vil gå lang tid over midnatt søndag før første laksen har bite på. To gongar er det laks som er synlege i elva medan Wangensteen viser fram kunstane sine.

– Søndag opnar mange elvar. Kor mange er det som no held på å sjekke utstyret og tel ned til midnatt?

– Det er nok veldig mange. Og mange har nok vore klar veldig lenge. Mange har store forventningar til sesongen.

– Ein er alltid spent på kor mykje laks som blir teke i løpet av sesongen, kor stor den er, så det er mange som klør i fingrane etter å kome i gong, seier Wangensteen.

SLIK KASTAR DU MED FLUGE:

(Artikkelen held fram under videoen)

Tom-Andre Wangesteen viser korleis du skal kaste med flogestang.

Klokkeslett som mål

Wangensteen har peiling på flugefiske og fir villig vekk tips.

Med tohandsflugestong er det viktig å tenkje på grepet når du skal kaste, fortel Wangensteen.

– Det absolutt viktigaste er stoppunkta dine. Eitt framfor deg og eitt bak deg. Å ha dei på rett plass er veldig viktig for at snøre skal fyke av garde og du skal oppnå den kastelengda du ønskjer, seier han.

Han for klokkeslett vert brukt som mal, og at ein skal stoppe klokka to og klokka ti.

– Når vi kjem til dei punkta skal stanga stå heilt i ro.

Å velje rett fluge

Fluge til stong

FAVORITT: Denne er ein favoritt hjå Wangensteen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den undste armen skal skyve stonga ifrå deg og trekke ho til deg. Det viktigaste er å få full strekk på snøret.

Eit av dei store spørsmåla når ein skal til med flugefisking er sjølvsagt kva fluge ein skal velje.

– Dette her er ei tubefluge som er ei forholdsvis stor laksefluge. Akkurat denne er det mykje sterke fargar i som er bra her i Gaula og i Flekke også, seier Wangensteen.

Tidleg i sesongen brukar Wangensteen fluger som har sterke fargar fordi i starten er elvene veldig kalde og laksen står djupt og er veldig treig.

– Då brukar vi store tunge fluger for å kome ned til dei.

Når laksefiske er i gong for alvor natt til søndag tippar han at den første laksen vil sitte allereie etter eit par minutt.

Desse elvane opnar natt til søndag/1. juni:

  • Flekkeelva i Fjaler – laks og aure
  • Eidselva på Eid – laks og aure
  • Osenelva i Flora – laks og aure
  • Gaula i Gaular – laks og aure
  • Gloppenelva i Gloppen – laks (aure: 15/06)
  • Åelva og Ommedalselva i Gloppen: laks og aure.
  • Nausta i Naustdal – laks (Ø:22/06)
  • Årøyelvi i Sogndal – laks og aure