Hopp til innhold

Fiskeglade tyskarar sviktar ikkje

Tyskarane sviktar ikkje fisketurismen langs kysten av Sogn og Fjordane, trass i finanskrise i Europa.

Fisketurisme Staveneset

FISKEGLADE: Her gjer tyske turistar seg klare for ein dag på havet utanfor Staveneset. Frå venstre: Hartmut Lehmann, Sylvia Lehmann, Petra Friédenberger, Lutz Friédenberger.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Framleis er det flest nordmenn som brukar ferien på fisking, men tyskarane ligg hakk i hæl. Det fortel reiselivsselskapa langs kysten.

Forskjellen på fisketurisme og anna turisme, er at turistane ofte vender tilbake.

– Avslapping

Dei tyske ektepara Lehmann og Friédenberger er blant fleire tyskarar som stadig vel å komme tilbake til den norske kysten for å fiske.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fisketurisme Staveneset

KLARE FOR HAVET: Frå høgre: Hartmut Lehmann, Sylvia Lehmann, Petra Friédenberger, Lutz Friédenberger.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I tre veker skal dei fiske frå morgon til kveld på havet utanfor Staveneset i Askvoll, der dei har vore kvart einaste år sidan 2005 og 2007.

– Fisking er avslapping. Og sjå kor vakkert det er her. Ingen folk, berre natur, seier Petra Friédenberger og Sylvia Lehmann.

– Og fisk?

Fisketurisme Staveneset

GODT UTSTYRT: Det er naudsynt med ekstra utstyr i tilfelle noko skulle bli øydelagt, seier dei tyske fisketuristane.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Og fisk, håpar eg.

Og at dei kjem tilbake neste år, det er det ingen tvil om.

– Åja, neste år, året etter der igjen og så vidare, seier dei tyske turistane.

Jamn fisketurisme

Tyskarane på Staveneset er langt ifrå dei einaste som tek turen til den norske kysten for å fiske. Reiselivsselskapa kan fortelje om ei turistnæring som held stand.

– Det har vore godt besøk, men nokre melder om at det har vore ganske stabilt, ikkje så ulikt fjoråret. Men eg ser at det har vore bra med fisk, noko som er bra for turistane, seier Wenny Irene Hansen, dagleg leiar i Visit Fjordkysten AS.

Framleis er det nordmenn som toppar fisketurismen langs fylkeskysten, men tyskarane er ein god nummer to.

(Artikkelen held fram under biletet)

Staveneset i Askvoll

FLOTT NATUR: Det er ein del av årsaka til at dei tyske turistane stadig vender tilbake til Staveneset.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Hansen registrerer også at det vert fleire spontanbesøk.

– Det er ei ny utvikling som er veldig positiv, seier Hansen.

Kjem stadig tilbake

Ifølgje ho er det svært vanleg å sjå at tyske fisketuristar vender tilbake.

– Viss ein ser på ein tradisjonell tysk fisketurisme, så er det ofte at dei kjem fleire gonger. Ofte kanskje allereie i mars på guttetur, med kameratar for å fiske. Og så kjem dei kanskje igjen litt seinare på året med familien sin om dei trivst godt. Og så kanskje ein tredje gong i september om dei har moglegheit til det, seier Hansen.

For samarbeidsbedriftene til Reisemål Stryn & Nordfjord har det også vore ein jamn sesong for fisketurismen.

– Det er det vi har fått tilbakemeldingar om. I forhold til fiske så er det sjølvsagt mest tyskarar slik det brukar å vere, og nokre russarar har begynt å vise interesse for fiske, seier produktsjef Ann-Helen Blakset.

Fisketurisme Staveneset

BYEBYE: Sylvia og Hartmut Lehmann kan endeleg setje kursen ut mot det opne hav.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK