- Vi er bekymra for korleis dette høge gjeldsnivået legg press på forvaltninga til å føre ein kortsiktig og uansvarleg kvotepolitikk, seier han.
Auka med 73%
Frå 1998 til 2002 har gjelda til fiskeflåten auka med 73% eller 16 milliardar kroner. Album meiner den kraftige gjeldsauken fører til auka press på fiskeressursane, og at dei siste fem års fiskeripolitikk, som hadde lønsemd som sitt viktigaste mål, har slått feil.
- Dei har gått ut frå at større fartøy er meir lønsame. Men tala, som er henta frå fartøya sine eigne rekneskap, viser at det er dei store fartøya som har mest gjeld, og dreg ned, seier Album.
Kystflåten går best
Men ikkje alle fartøygrupper har fått like stor gjeldsbør. Størst auke i gjeldsnivået finn vi i den store kystflåten med fartøy mellom 21 og 28 meter. Rapporten til Naturvernforbundet slår fast at den minste kystflåten har minst gjeld og jamnast lønsemd. Gunnar Album synest difor det er rart at styresmaktene no har sett inn tiltak for å få redusert denne flåtegruppa.
- Vanleg med gjeld i næringslivet
Kåre Furnes, leiar i Sogn og Fjordane rederiforbund og eigar i fleire reiarlag med autolinebåtar, kunne godt ha tenkt seg at næringa hadde mindre gjeld. Og autolineflåten er den flåtegruppa som har handla kostbare fangsrettar med store underskot som resultat. Han seier det er vanleg i næringslivet generelt å ta opp gjeld for å utvikle seg. Han trur ikkje situasjonen er så dramatisk som ein kan få inntrykk av. - Viss ikkje vi hadde gjort noko, hadde situasjonen vore verre enn han er i dag, meiner han. No vil han ha fred for næringa, slik at dei kan jobbe framover mot ei trygg framtid.
- Gamle tal
Furnes meiner gjeldstala som naturvernforbundet legg fram i sin rapport om norske fiskeri ikkje talar for at fiskeripolitikken er feilslått. -- Vi har hatt ein periode i norsk fiskerinæring der alle piler har peika nedover - også for sjarkflåten. Det gjeld oljeutgifter og prisen på fisken. Men no er vi inne i ein stim som går oppover igjen, seier han. Furnes seier tala som ligg til grunn for undersøkinga er henta frå dei dårlegaste åra i fiskerinæringa. - No må vi sjå framover, seier Furnes.