Hopp til innhold

Fiskeeksportør sint på nobelkomiteen

Fryktar at Kina skal stoppe handel med Norge.

Liu Xiaobo og administrerande direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag

KRITISK: Administrerande direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag trur at fredsprisen som gjekk til Liu Xiaobo vil skade fiskerinæringa.

– Nobelkomiteen burde funne ein kandidat som ikkje skadar norsk eksport, seier administrerande direktør Magnar Aasebø i Vest-Norges Fiskesalslag.

Han fryktar at ein svært viktig marknad for norsk torsk og hyse kan forsvinne på grunn av utdelinga til den kinesiske menneskerettsforkjemparen Liu Xiaobo.

– Fleire andre kandidatar

– Det er mange andre kandidatar ein kunne plukka mellom, seier Aasebø.

Direktøren for det viktigaste salsorganet for norsk kvitfisk på Vestlandet meiner Nobelkomiteen burde la vere å provosere Kineserane.

– Norge er berre ein liten prikk i verda. Vi er ikkje meir enn ein liten forstad til ein mellomstor by i Europa. Og at vi skal legge oss inn på storpolitikk som dette, burde ikkje vore naudsynt, seier Aasebø til NRK.no.

– Dette er ikkje bra for næringa

Frå kontoret sitt i hamna i Måløy kan han sjå båtar som lossar fisk som etterkvart skal til Kina for å verte filetert.

– Kina er eit veldig viktig land for fiskeindustrien i Norge. Det er ikkje bra for eksportørane i Norge at ein velger ein slik prisvinnar, seier Aasebø.

– Men ville ikkje det ha vore å bøye for trugsmål, og å undergrave demokratiske verdiar?

– Nei, det er ikkje det. Vi ser vi er avhengige av Kina i det næringslivet vi driv i, og dette er ikkje positivt for oss. Kritikken mot Kina burde føregått i heilt andre fora enn gjennom ei prisutdeling, svarar Aasebø.

Trur ikkje det går utover næringa

Direktør for marknadsadgang i Fiskeri- og havbruknæringens landsforening, Trond Davidsen, håpar og trur på si side at utdelinga ikkje vil påverke handelen.

Han meiner det internasjonale regelverket for handel og Kina sine sterke eksportinteresser vil motverke det.

– Vi er avhengige av at handelen fungerer godt. Eventuelle reaksjonar trur vi først og fremst vil komme på andre områder, særleg på områder der norske myndigheiter har ein relasjon, seier Davidsen.