Hopp til innhold

Fiskeeksportør får ikkje ut fisken

Fiskeeksportøren Firda Seafood er innesperra av vegstengingar. Fisken står på lager.

Oppdrettar Ola Braanaas i Gulen

MÅ LAGRE FISKEN: Førebels står fisken til eksportør Ola Braanaas på lager. Han må vente på vinden.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er ganske komplisert. Vi må berre håpe at vinden løyar slik at ferja byrjar å gå igjen, seier administrerande direktør Ola Braanaas i Gulen.

I førre veke vart E39 gjennom Romarheimsdalen stengt, og omkøyring var tilrådd via fylkesveg 57, med ferja mellom Leirvåg ved Mongstad og Sløvåg i Gulen. Men på grunn av uvêr har ferjesambandet vore stend i natt og i føremiddag.

Omkøyring ikkje for vogntog

På ferjesambandet Duesund–Masfjorden er det ikkje tilrådd omkøyring for større køyretøy. Vegen er rett og slett for smal der.

Dermed er den einaste omkøyringa for gulingane viss dei skal austover, å komme seg til Lavik–Oppedal og køyre vidare til Sogndal og austover den vegen.

For eksportøren vil ei langvarig innstilling av ferja koste i kroner og øre.

– Vi har seks sju vogntog som skal vidare. Men eg veit eigentleg ikkje om alle vogntoga er komme over fjorden til Gulen. Vi har heldigvis bygt ny fabrikk og har eit stort kjølelager, så vi har plass til 10 vogntog på kjølelageret.

Lei av innstillingar

Braanaas har sett seg lei på alle innstillingane på ferjesambandet.

Oppdrettsanlegget til Firda Seafood på Byrknesøy

ANLEGG: Oppdrettsanlegget til Firda Seafood på Byrknesøy.

Foto: NRK

– Vi er avhengige av å kunne stole på ferjesambandet. Vi har vogntog som skal rekke ferjer vidare ut av Noreg, og viss dei blir hefta her så går gjerne eitt eller to døgn ekstra før kundane får varene sine. Dette er ferskvarer som helst ikkje skal vere for lenge i eit vogntog.

No håpar eksportøren på betre materiell som toler meir uvêr.

– Det ferjemateriellet som har vore på fylkesveg 57 Sløvåg–Leirvåg er mildt sagt utrangert og elendig. Det er på høg tid at det blir stilt nye krav til sambandet om meir tidsrett utstyr.

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, meiner Sløvåg-Leirvåg er ein brukbar omkøyringsveg, og at ein burde nytte ein alternativ ferjekai for Sløvåg når vinden er sterk.

– Skipavik, som ligg fem minutt over på den andre sida av fjorden, som i dag blir brukt når tunge maskiner skal i land, kan svært godt brukast som ferjeanløp, sokalla reserveanløp, for ferja over Fensfjorden. Då vil igjen sju-og-femtien vere ein viktig omkøyringsveg for E39.

Ferjesambandet vart opna klokka 12.15.