- Tradisjonelt har fiskarar litt motstand mot all form for byråkratisering, seier han.
Lova krev verneombod
Sjømannslova krev at alle fiskefartøy skal ha verneombod blant mannskapet. Heilt sidan 1986 har fiskarane vore pålagde dette, men avdelingsleiar i Norges Fiskarlag, Torleif Paasche opplever at uviljen framleis er stor. - Det har vore ein treig prosess, seier han.
- Tryggleiken blir passa på
Fiskebåtreiar Øystein Sandøy frå Vågsøy innrømmer at det formelt står dårleg til med verneombodsordninga ombord i fiskeflåten.
- Det kan nok vere rett at reint formelt fungerar ikkje ordninga slik den skal, seier Sandøy. Men han hevdar tryggleiken likevel blir passa godt på, av mannskapet som veit vegen til skipperen i styrhuset om noko er gale.
Skal gjerast enklare
Norges Fiskarlag er i gong med eit arbeid for å få fiskarane til å innordne seg lova. Verneombodsordninga ombord i fiskefartøy skal gjerast enklare og tilpassast fiskarlivet, heiter det.