Hopp til innhold

Fiskebåt fekk tau i propellen - måtte slepast til land

Ein fiskebåt hamna i trøbbel i havet nord for Værlandet onsdag morgon.

Værlandet2

– Fiskebåten har fått nota i propellen og ligg å driv rundt i området, seier Cecilie Øversveen, redningsleiar ved Hovudredningssentralen, til NRK like før klokka 08.00.

Ifølgje politiet har det skjedd i eit område kalla Håsteinsosen nord for Værlandet i Askvoll.

Redningsskøyta Halfdan Grieg er på veg mot staden, og ein ambulansebåt ligg standby i området.

– Det er seks personar om bord. Det er eit område med ein del skjer i sjøen, men slik båten driv no ser det ut til å gå bra, seier Øversveen.

– Vi er vel vande folk

– Vi har fått eit tau i propellen. Det skjedde rett nord om Bulandet, seier kaptein på Albacore, Kjell Rune Nekkøy, til NRK rundt klokka 08.30

Uhellet skjedde rundt klokka 06.30. Redningsskøyta sleper dei rundt fem nautiske mil inn til land.

– Dette går fint. Vi er rolege av oss, og vel vande folk, seier kapteinen

Han fortel at tauet sit fast i hovudpropellen.

– Sidepropellane gjer at vi har litt styring. Dette er ingen problem, seier kapteinen frå styrehuset, seier Nekkøy.

Klokka 10 opplyser politiet at båten har kome trygt til land.