Normal

Fiskeaksjane til himmels

Domstein har hatt ei sterk verdiauke på børsen i år. Det betyr at dei tunge tidene kanskje er over for fiskerikonsernet.

Finansanalytikar i DNB Nor Markets, Klaus Hatlebrekke, ser at havbruksnæringa gjer det godt.

- Med dei prisane vi har no, går det veldig bra. Selskapa tener veldig bra med pengar for tida, seier han.

Stor etterspurnad etter sjømat

Men det har vore fleire tunge år for Domstein-konsernet tidlegare. For eitt år sidan var det ei betrakteleg nedskjering av staben ved Domstein Enghav. Men no ser det altså lysare ut. Domstein har hatt ei verdiauke på 40 % i år. Konsernsjef, Rolf Domstein, vil av prinsipp ikkje kommentere desse tala. Hatlebrekke har på si side tankar om kva som ligg bak verdiveksten.

- Det har vore ein bra etterspurnad etter sjømat generelt, i tillegg har det vore mykje snakk om fugleinfluensa den siste tida, seier han.

Børsboble?

Det er ikkje berre Domstein som merker dette. Pan Fish og Fjord Seafood er dobbelt så mykje verdt som tidlegare i år. Fredag vart det omsett for 1,3 milliardar kroner i dei to selskapa. Sist gong ein såg ein liknande verdivekst på fiskeaksjane var for 5-6 år sidan. Det endå i ei børsboble som sprakk. Og spørsmålet er no om det vil skje igjen.

- Slik det ser ut no, er det vanskeleg å sjå for seg at det skal vere ei boble. Det er ein veldig sterk etterspurnad etter sjømat, samstundes som tilbodet er relativt flatt. Så det ser ut til at dei gode prisane vil vare ei god stund til, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune