Hopp til innhold

Fiskarlaget ønskjer meir sild

Norges Fiskarlag ynskjer å auke kvoten sin på norsk vårgytande sild frå 35,5 til 40 tonn.

Ein del av fartøya deira har snart teke det dei har lov til, og desse ynskjer å halde fram fisket i vintersesongen.

Fiskarlaget viser til at det er mykje sild i år og at kvoten deira er mindre i år enn i fjor.

Sildefisk
Foto: Lise Åserud / Scanpix