NRK Meny
Normal

Fiskarlaget krev skipstunnel

Landsstyret i Norges fiskarlag krev at skipstunnel gjennom Stad blir gitt høg prioritet.

Dei krev og at tunnelen blir bygd så stor at hurtigruta kjem seg gjennom. Dette vil gjere tunnelen dyrare enn dei opphavelege planane, der tunnelen vil koste 1,2 milliardar kroner.

 

Men fiskarlaget meiner dette må til om tunnelen skal bli den turistmagneten mange håpar på.

- For ei utviding vil likevel ikkje koste meir enn ei garderobe i den nye operaen i Oslo, heiter det i vedtaket.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast