Hopp til innhold

Fiskarlaget er kritisk

Fylkesleiar Nils Myklebust i Fiskarlaget er skeptisk til ein gigantisk vindmøllpark i havet utanfor Stadt.

Nils Myklebust

Nils Myklebust er skeptisk til vindmølleparken.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I dag vart det kjent at Vestavind Kraft har planar om ein gigantisk vinmøllepark fire mil utanfor land.

Myklebust seier dette kan vere til hinder for fiskarane.

- Generelt er vi skeptiske til å leggje arealbeslag på store område der fisken skal ferdast og fiskaren skal ha moglegheiter til fangst.

- Kvifor er de så skeptiske?

- Vi ser kva areal som har blitt beslaglagt av oljeindustrien og vi ser at fiskaren har blitt dytta til sida. Men vi må forhalde oss til det som Stortinget bestemmer. Viss dei går inn for utbygging, så skal vi vere konstruktive og komme med forslag slik at ulempene blir minst mogeleg, seier han.

Les også: Planlegg gigantisk vindpark

Her, nordvest for Stad, vil Vestavind plassere vindmølleparken.
Foto: Vestavind