Hopp til innhold

I år blir dette eit sjeldan syn - mange fiskarar må feire jul langt til havs

Mange fiskarar går ei spesiell jul i møte. Dårlege tider gjer at dei må halde seg langt til havs, medan familiane samlar seg til feiring heime.

Fiskebåtane ligg tett ved kaia i Måløy før jul

I ÅR BLIR DET LITE AV DETTE: Det er tradisjon at kaiene langs kysten fyller seg opp med båtar som legg til kai for jul. Men i år blir det lite av dette, då mange fiskebåtar må bli til sjøs. (Biletet er frå kaia i Måløy, like før jul i fjor).

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er litt vemodig, vedgår maskinist Johnny Træet på autolinebåten «Frøyanes» frå Selje.

Han er ein av mange fiskarar som ikkje kjem seg heim til jul i år. Lenge har det vore tradisjon at fiskeflåten legg seg til kai i jula, men tøffe tider gjer at mange havgåande fiskebåtar må bruke jula til å fiske.

Træet og resten av mannskapet på fiskebåten «Frøyanes» blir liggande i Barentshavet desse juledagane.

– Ein tenkjer jo på det som er heime, og som ein ikkje får feire jul saman med, seier tobarnsfaren på telefon frå båten.

Julefeiring i Nordishavet

Det blir ei jul utanom det vanlege for han og kollegaene. Fiskarane er som regel vekke i mange veker i strekk, og å segle heimover til jul er noko mange gler seg til. Men i år blir det altså ikkje slik.

I staden for å leggje til kai heime i Nordfjord blir fiskebåten «Frøyanes» verande i dei mørke og krevjande havområda mellom Bjørnøya og Spitsbergen på Svalbard.

Forklaringa er samansett. Tøffe tider med låge fiskeprisar, og det at fiskeristyresmaktene på sluttåret gav havflåten større kvotar, gjer at Frøyanes og mange andre båtar ikkje kan feire jula på land.

– Det er sjølvsagt ei spesiell kjensle å vite at ein må vere her ute, men det er berre slik det er, seier Træet til NRK.no.

(Artikkelen held fram under)

Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag

RESPEKT: Jarl Magne Silden forstår godt at det blir ei spesiell jul for mange. Han seier det står stor respekt av den jobben fiskarane legg ned.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Har ikkje råd til å gå til land

Ved kaia i Måløy er det tradisjon at lineflåten kjem inn i dagane før jul. Men i år blir det nesten ingen å sjå.

Leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden, seier at med elendige prisar må mange berre fiske så mykje dei klarer.

– Med dei prisane som er, og dårlege tider innan fiskeriet, så prøver mange å berge mest mogleg, seier han.

Han forstår godt at det blir ei spesiell jul for mange fiskarar, og nyttar høve til å sende dei ei helsing.

– Dei må ha ei riktig god jul! Dei gjer ein kjempejobb, og det står respekt av det dei gjer, seier Silden.

Feirar jul to gonger

På satellittelefon frå« Frøyanes» seier Jonny Træet at mannskapet har visst om ei stund, og er innstilte på at juleferinga blir langt vekke frå heimen.

Reiarlaget stiller med pinnekjøt og julegåver om bord.

Likevel, julekvelden går det varme tankar heimover frå tobarnsfaren ute i Nordishavet.

– Eg vil helse til alle mine nære og kjære heime, og ønskje dei ei riktig god jul.

– Ribba ligg i frysen, og julepakkane er klare heime, så det skal bli feiring når eg kjem heim att, seier maskinisten.