Hopp til innhold

Fiskarar kjempar mot staten

Lokale fiskarar frå Bremanger kjempar mot staten for behalde kvotane sine.

Frøybas

KAN MISTE KVOTE: Eigarane av Frøybas har mist kvotar verdt 23 millionar kroner.

Foto: fiskeri.no

Etter ein rettstvist med fiskeridirektoratet mista dei fleire kvotar til fiske i Nord-Norge, men fekk behalde kvotar som dei hadde ført over på ein anna båt.

No vil fiskeridirektoratet også ta frå dei desse, Ronny Larsen som er dagleg leiar på Frøybas fortvilar.

– Det er store summar det er snakk om. Vi meiner vi er blitt urettvist behandla.

Problema starta med ny medeigar

Problema starta då Frøybas fekk ein ny medeigar, som hadde budd i Nord-Norge, og førte over torskekvotar frå ein båt han hadde kjøpt der. Fiskeridirektoratet meiner at han ikkje hadde budd der lenge nok, og mista difor fiskerettane der.

Dagleg leiar Ronny Larsen var ueinig og gjekk difor til søksmål mot staten.

– Når ein fiskarar ikkje har familie, kan han bu kvar han vil.

Dei siste tre åra har reiarlaget Frøybas tapt fleire titals millionar på tapte torskekvotar. Larsen meiner tapa er ufortent, og at fiskeridirektoratet ikkje har rett på å ta kvotane deira.

– Vi meiner vi ikkje har gjort noko gale og vi taper 23 millionar kroner i kvoteverdi. Når noko tar ifrå deg 23 millionar, så reagerer du.

Staten ankar dom

Dommen frå Oslo tingrett vart i første omgang at Frøybas mista hovudkvoten på torsk, men fekk behalde to kvotar som ikkje var knytt til fiske i Nord-Norge. No har fiskeridirektoratet anka dommen, seier Anne Katrine Haug-Husstad som er advokat hos regjeringsadvokaten.

– Staten har valt å anke dommen fordi vi er usamde konklusjonen til tingretten og grunngjeving når det gjeld strukturkvotespørsmålet.

Dette kan bety endå større tap for Frøybas.

– Vi møter ikkje noko forståing i Fiskeridirektoratet. Hadde ikkje vi vore så solide som vi er så hadde vi mist heile selskapet, seier Larsen.