Hopp til innhold

Fiskarane skuffa over regjeringa

Fiskarane er skuffa over den nye regjeringa. Den blå regjeringa fjernar auken i fiskarfrådraget som skulle kompensere for høgare CO2 avgift.

Fisketråler
Foto: ARKIV / Scanpix

– Når den blå regjeringa tar vekk det som skulle vere gulrota, auken i fiskarfrådraget, men beheld avgifta så meiner vi det er urimeleg. Det seier Jan Ivar Maråk i Fiskebåtredernes Forbund.

Den raudgrøne regjeringa ville auke CO2 avgifta frå 13 øre til 26 øre, men samstundes auke fiskarfrådraget som kompensasjon. Den blå regjeringa aukar også CO2 avgifta like mykje, men aukar ikkje fiskarfrådraget tilsvarande.

Jarl Magne Silden

SKUFFA OVER REGJERINGA: Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Ein auke på 13 øre vil utgjere svært mykje for ein fiskebåt, seier Jarl Magne Silden som er leiar i Sogn og Fjordane.

Silden seier at for ein båt som til dømes bunkrar 100 000 liter for ein tur, og går sju- åtte turar i året så blir så blir desse 13 øra ei betydeleg utgift.

– Dette kan føre til at, i alle fall den større havgåande flåten, byrjar å losse meir i utlandet og i alle fall fylle drivstoff i utlandet for å unngå avgiftene.

Forstår vonbrotet

– Eg var på årsmøtet til fiskarlaget og har fått med meg at dei er skuffa, og det kan eg for så vidt forstå. Det seier Bjørn Lødemel som er Stortingsrepresentant for Høgre.

Han meiner likevel at CO2 avgift og endringa regjeringa gjer i fiskarfrådaget ikkje nødvendigvis i hop

Bjørn Lødemel

FORSTÅR AT DEI ER SKUFFA: Stortingsrepresntant Bjørn Lødemel (H)

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det å kople dei direkte slik ein gjer her, det meiner eg blir feil

Han er likevel open for å sjå på saka på nytt om endringa har fått utilsikta verknadar

– Vi har hatt kort tid på dette budsjettet. Har det blitt utilsikta verknadar så må vi ta med oss det når vi skal lage budsjett for 2015

Lødemel seier dei skal sjå på det som skjer i forhold til fiskarfrådraget.

– Det er jo eit tiltak som kom for å gjere fiskaryrket meir konkurransedyktig opp mot blant anna off shore-næringa. Så vil sjå på korleis fiskarfrådraget skal behandlast vidare.

I Fiskebåtredernes Forbund seier Maråk at dei vil ta saka opp med regjeringa og at dei allereie har invitert finansministeren til representantskapsmøtet i Fiskebåtredernes Forbund, der dette blir eit tema.