Hopp til innhold

Fiskarane er urolege

- Dette skal rett å slett ikkje kunne skje, og det viser at uroa vår for sårbare gyte og fiskeområde er godt grunngjeve, seier generalsekretær i Norges Fiskarlag Jan Skjærvø.

Etter ulukkka på Bravo-feltet har det berre vore små og mindre alvorlge utslepp i Nordsjøen. Dermed har ikkje styresmaktene og industrien vurdert risikoen for slike utslepp som minimale.

- Stor risiko

- Denne saka viser heilt tydeleg den risikoen det er ved å drive oljeindustri til havs. Vi får også demonstrert at med dei verforholda som er i området no, så er det avgrensa høve til å samle opp oljen, seier Skjærvø på fiskarlaget sine nettsider.

- Dersom ei slik hending skulle skje midt i sårbare gyteområde, så hadde konsekvensane mest truleg vore dramatiske, seier Skjærvø.

- Alarmklokkene må ringje

Også i naturvernforbundet er dei urolege.

- Dette må få alarmklokkene til å ringe for fullt hos dei som har stått hardt på for å opne sårbare havområde i nord for oljeleiting. Vi har hatt ei kjensle av å snakke for nesten døve øyre når vi har åtvara om miljøfaren. Ein lang periode utan større utslepp, kombinert med oljeselskapa sin "nullutslepp"-retorikk, ser ut til å ha lulla mange inn i ei tru på at miljørisikoen er liten. Dagens utslepp viser kor feil og farleg ei slik oppfatning er, seier informasjonssjef Kåre Olerud i Norges Naturvernforbund.