– Vi har eit vitne som fortel at han har observert fire ungdommar – to jenter og to gutar – på gangvegen like utanfor sentrum mellom klokka to og tre drapsnatta. Det seier politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.
Den eine var kledd i ei lys jakke, medan dei tre andre hadde mørke klede. Dei gjekk samla, og vitnet har fortalt at ungdommane gjekk og sang.
Berre vitne
Broberg seier dei har prøvd å identifisere desse fire utan å lukkast, men han presiserer at dei fire er etterlyste som vitne i saka.
Politiadvokat Knut Broberg ønskjer å koma i kontakt med fire ungdommar som ikkje har meldt seg. NRK-foto.
Politiet har tidlegare fortalt at Hedda Karterudseter vart sett klokka kvart over eitt drapsnatta då ho henta dongerikåpa si i garderoben på Meieriet. Så skal ho etter eit kvarter ha gått mot folkehøgskulen i lag med den drapssikta somaliaren.
No kan det altså vere fleire vitne i saka. Kvifor dei fire ungdommane enno ikkje har meldt seg for politiet, vil ikkje Broberg spekulere i.
– Dei trur kanskje dei ikkje sit inne med noko som er av interesse for oss, men uansett er det viktig for oss å kome i kontakt med dei, seier Broberg.