Fire vil byggje hall i Hyllestad

Fire entreprenørar, der to av dei er lokale, vil byggje på skulen i Hyllestad og byggje den nye fleirbrukshallen, det skriv Firda. Prosjektet er kostnadsrekna til 43 millionar kroner. Bente Nesse, som er rådmann i Hyllestad, seier at dei håpar å kome i gang med prosjekta i løpet av 2018, og at venta byggetid er to år.