NRK Meny
Normal

Fire veker på etterskot med bringebær

Bringebærsesongen er fleire veker forsinka i år, men kvaliteten ser ikkje ut til å ha teke skade av ein kaldare sommar enn normalt.

Ola Hopperstad Sognabær Vangsnes

FRUSTRERT: – Det er ikkje noko som heiter eit normalår innan bringebærproduksjon, seier Ola Hopperstad i Sognabær.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Dei siste dagane har det vore betre og varmare vêr, så no losnar det, seier dagleg leiar Henriette Skåden ved Innvik Fruktlager.

Fire veker på etterskot
Innvik Fruktlager

KLAR: Kasse på kasse har stått tomme lenge på grunn av det dårlege vêret. Men no skal dei fyllast med modne bringebær.

Foto: Silje Guddal / NRK

Dei var kaldare og våtare enn normalt månadane mai, juni og juli. Og lenge var ein uroa over bringebæravlingane. Men no godt på etterskot vert tonnevis med bringebær plukka. Når sola endeleg viser seg i Innvik er Skåden travelt opptatt med å svare på telefonar frå folk som vil ha bær.

– Det er eit godt teikn. Det er stor etterspurnad, og folk spør om kor mykje vi kan levere, seier ho.

Det er tydeleg at bæra er seinare enn vanleg. Særleg om ein samanliknar med rekordsommaren i fjor.

– Vi er tre eller fire veker etter vanleg sesong. Og det er frustrerande. Produsentane har folk som berre ventar på å få plukke og vi har folk går rundt her og trippar, fortel Skåden.

Utfordrande bransje
Henriette Skåden

VIKTIG MÅNAD: – August er kjempeviktig for oss. Det må losne no slik at vi får plukka bæra, seier Henriette Skåden på Innvik Fruktlager.

Foto: Silje Guddal / NRK

Same utfordring har Ola Hopperstad og Sognabær stått overfor.

For det er ikkje enkelt å planlegge leveransar, sal, og arbeidsdagen til hundrevis av plukkarar med store variasjonar mellom sesongane.

– Det har variert så mykje frå kvart år at eg ikkje er sikker på kva som er ein normalsesong, seier Hopperstad.

– Kor utfordrande er det å drive i ein slik marknad?

– Det er klart det er utfordrande for alle partar. For dei som skal komme hit og plukke foreksempel. Mange av dei skal ta til på skule no i august og september, og det same opplever Bama. Ferien er jo over snart og prisane går ned.

Av målet på 180 tonn bringebær til korg, har Sognabær no levert ein fjerdedel. Store delar av bæra vert dyrka i tunnel, så avlinga ser bra ut, seier Hopperstad.

I Lærdal er nær 200 tonn bringebær i ferd med å modnast. To veker seinare enn normalt.

– Men det ser ut at det kan bli eit veldig godt år likevel. Vi vil levere 100 tonn til industri, 20 tonn Lærdals beste og 80 tonn til konsummarknaden, seier Lisa Hjellvik Lagmannsås.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser