NRK Meny
Normal

Fire vart tiltalt for overgrep - berre ein vart dømd

Fire vart tiltalte i overgrepssaka under Malakoff-festivalen i 2015. Berre ein vart dømd.

Etterforsking Nordfjordeid Malakoff politi

ETTERFORSKING: Det var starta ei brei etterforsking etter at ei jente under 16 år vart utsett for seksuelle overgrep i Nordfjordeid sommaren 2015. No er tre av fire tiltalte frikjende.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Nyleg stadfesta Gulating lagmannsretten domen mot ein mann i 20-åra etter den mykje omtala overgrepssaka på Nordfjordeid.

Mannen vart i Fjordane tingrett dømd til seks månader fengsel og 75.000 kroner i erstatning for seksuell omgang med ei mindreårig jente.

Tre av fire frifunne

Opphavleg var fire menn tiltalte i saka . Av desse vart to frifunne under hovudforhandlinga i tingretten. Påtalemakta anka frifinninga til lagmannsretten, men denne vart forkasta i starten av april.

Tredjemann vart dømd til samfunnsstraff i tingretten. Også han anka, og fekk medhald i lagmannsretten. Frifinningane er no rettskraftige.

Det var undre Malakoff-rockfestival for to år sidan at overgrepssaka fann stad.

Var ikkje jambyrdige

Mannen, som no var dømd, visste at jenta var under 16 år. Sjølv om det var over fire år skilnad mellom dei, meinte han i lagmannsretten at dei to var om lag jambyrdige i alder og utvikling.

Retten meinte likevel at sjølv om jenta fysisk var meir utvikla enn det alderen skulle tilseie, så hadde ho elles ei utvikling som svara til alderen.

– At fornærma brukte adekvate ord og uttrykk knytt til seksuell aktivitet kan heller ikkje isolert sett eller samhandle med andre forhold gi grunnla for ein konklusjon om at ho då hadde ei utvikling utover det normale for alderen, skriv lagmannsretten.

Søkte hjelp og tryggleik

Retten la ikkje nemneverdig vekt på at jenta sjølv var delaktig i overgrepet og viste interesse for seksuell aktivitet.

Mannen har ikkje nekta for å ha hatt seksuell omgang med jenta, og erkjende forholdet med det same. Retten såg formildande på at jenta såleis slapp påkjenninga av å ikkje bli trudd. Noko som er svært vanleg i overgrepssaker.

Derimot såg retten alvorleg på at mannen utnytta jenta i ein sårbar situasjon.

– Han var klar over at fornærma hadde tatt kontakt med han fordi ho meinte seg utsett for ei valdtekt. Han var såleis klar over at fornærma ynskte hjelp og tryggleik. Likevel gjorde han overgrepet, skriv lagmannsretten.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem tre dagar varetektsfengsling.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.