Hopp til innhold

Fire topptrenarar frå fjordfylket

Medan løparane frå Sogn og Fjordane på langt nær greidde å prege toppen av resultatlistene i ski-NM, set trenarane frå fylket preg på landslaga.

Steinar Mundal, Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset

STERKTRIO: Frå v. Steinar Mundal, Sjur Ole Svarstad og Roar Hjelmeset.

Foto: Rune Fossum / NRK

No er så mange som fire topptrenarar frå Sogn og Fjordane engasjerte i arbeidet rundt dei beste utøvarane i langrenn i Norge.

Den neste landslagssjefen kan dermed kome frå fjordfylket nok ein gong. Artig, meiner Steinar Mundal, som er assistenttrenar på allroundlandslaget .

– Det er veldig moro det, det er flott at vi kan tapetsere pallen med trenarar om ikkje noko anna.

Langt steg tilbake resultatmessig


For NM på ski vart på ingen måte nokon suksess for løparane frå Sogn og Fjordane. Roger Aa Djupvik sin 12. plass var den store beholdninga - og det er eit langt steg tilbake frå gullalderen for fem-seks år sidan.

LES OGSÅ: Trur han kan overraske norges-eliten under duatlon på laurdag

LES OGSÅ: Må vente årevis på neste toppløpar

Likevel er fjordfylket godt representert i toppen av norsk langrenn. For visste du at Sogn og Fjordane har fire trenarar som kvar dag pregar landslaga i langrenn?

Steinar Mundal

ASSISTENTTRENAR: Steinar Mundal gir råd til løparane under NM.

Foto: Rune Fossum / NRK

Rutinerte Steinar Mundal frå Brekke er assistenttrenar på allroundlandslaget. Sjur Ole Svarstad frå Stryn har ansvaret for rekruttlandslaga. Odd-Bjørn Hjelmeset frå Gloppen har ei uformell rådgjevarstilling inn mot landslaga. Og Roar Hjelmeset er trenar for sprintlandslaget for damer.

– Eg veit ikkje om vi er topptrenarar, men vi er iallfall trenarar som er litt på landslaget, men eg trur det er litt tilfeldig at vi er fire frå Sogn og Fjordane


Seier Roar Hjelmeset, som dei siste åra har gått gradene i landslagsmiljøet - og som av einskilde blir nemnd som ny landslagssjef når den tida kjem.

Den neste sjefen kan kome frå Sogn og Fjordane

Når NRK slår av ein prat med den sentrale trioen under NM på Voss, er dei samde om at den neste sjefen kan kome frå Sogn og Fjordane.

Og det er ikkje unaturleg - det er ikkje lenge sidan Morten Aa Djupvik hadde akkurat den jobben. Sjølv har ikkje Roar Hjelmeset noko hastverk med akkurat det.

– Eg har ikkje nokon hast med å vere den øvste leiaren korkje for damer eller herrar på ei stund, eg tek det sakte men sikkert, og så ser vi om nokre år korleis det blir om nokre år.

– Men vi som er utanforståande kan spekulere i at det er andre som har gått same løypa som deg og enda opp som landslagssjef.

– Ja, det er ikkje nokon utnaturleg veg, men eg har ikkje nokon hast. Eg hadde eit forslag her i vår då vi skulle skrive ny kontrakt. Då ville eg ha ein kontrakt som gjekk fram til 2025, men det fekk eg ikkje.

Seier Roar Hjelmeset med eit smil og kikar bort på Sjur Ole Svarstad, som har ansvaret for rekruttlandslaga.

– Ikkje handfaste ambisjonar

– Førebels trivst eg, og den dagen eg kjenner at eg misser motivasjonen med å drive å reise og vere på skirenn så skal eg finne meg ein åtte til fire-jobb. Den tida vil nok kome, eg har ikkje nokre handfaste ambisjonar rundt trenaryrket, seier Svarstad.

– Sjølv om vi som fylgjer med dykk har lov å tenke at det har vore rekruttert landslagssjefar frå same vegen som du og Roar har gått før?

– Det er rett, så ein skal halde alle dører opne. Eg let ikkje att den døra, eg synest førebels det er veldig moro å vere med. Men eg er veldig glad for at eg har fleire bein å stå på gjennom utdanninga mi, og eg kjem nok heilt sikkert til å nytte den på eit eller anna tidspunkt.