Hopp til innhold

Fire tiltalt for overgrep

Fire gutar er tiltalt for overgrep etter å ha hatt seksuell omgang med ei 15 år gamal jente på Nordfjordeid i fjor sommar, melder Fjordenes Tidende. Saka vart meld til politiet som valdtekt, men gutane er no sikta for seksuell omgang med mindreårig. Tre av gutane er frå Nordfjord, dei var i alderen 17 til 19 år i fjor. Gutane har vedgått forholdet, men nektar straffeskuld.