Føraren av den eine bilen vart send med luftambulanse til Førde sentralsjukehus. Vedkomande er ikkje alvorleg skadd, opplyser politiet.
Tre personar i den andre bilen vart sende til Nordfjord sjukehus med lettare skade. Det var glatt føre, og ulukka skjedde fordi den eine av bilane fekk skrens og kom over i motsett køyrebane.