Hopp til innhold

Fire skadde i trafikkuhell

Fire personar vart laurdag føremiddag lettare skadde i eit trafikkuhell på riksveg 614 mellom Svelgen og Ålfoten.

Bilen vart liggande på sida i elva
Foto: Bjarte Vik / NRK

Dei fire var med i ein minibuss som køyrde av vegen på det glatte føret i Myklebustdalen og hamna i elva.

Bilen skar ut av vegen og ned i ei elv
Foto: Bjarte Vik / NRK

Ifølgje politiet har dei fire kome frå det med berre lettare skadar. Tre er sende til sjukehuset på Nordfjordeid for legesjekk, medan ein er send til Sentralsjukehuset for behandling av skadar i andletet.

Fire andre som var i bilen kom uskadde frå hendinga