NRK Meny
Normal

Fire personar til legevakt etter kollisjon på E39

– Alle personane skal vere bevisste, men dei klagar på innvendige smerter, opplyser operasjonsleiar Hans-Erik Thue til Bergens Tidende klokka 11.49.

Fronkollisjon på E39 mellom Instefjord og Oppedal i Gulen.

SMELL: Passasjerane i bilane verka oppegåande og klarte å gjere greie for seg etter ulukka, opplyste augevitne til NRK.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Dryge ti minuttar seinare opplyser AMK-sentralen i Helse Førde på Twitter at dei fire er sende til legevakta for sjekk og behandling.

Det var kring klokka 11 søndag føremiddag at politiet fekk melding om at to personbilar hadde frontkollidert på E39 mellom Instefjord og Oppedal i Gulen. Ulukka skjedde nokre få kilometer sør for ferjekaien på Oppedal.

Fronkollisjon på E39 mellom Instefjord og Oppedal i Gulen.

STORE SKADER: Begge bilane fekk store skader i samanstøyten.

Foto: Olaug Bjørnset / NRK

Augevtine fortalde til NRK like etter ulukka at det var tre personar i eine bilen og ein person i den andre. Alle dei involverte skal ha verka oppegåande og i stand til å gjere greie for seg. Men dei var naturleg nok prega av ulukka. Det var og store materielle skader på begge bilane.

Politiet sende ut alt av naudetatar, deriblant to bilambulansar og luftambulansen. Dei starta umiddelbart med å gi naudsynt helsehjelp då dei kom fram.

Ulukka skjedde i ei 80-sone då den eine bilen skal ha kome over i motsett køyrefelt.

Det er no fri ferdsel på E39 etter at vegen var stengd i nærare halvannan time etter ulukka. Det oppstod lange køar på begge sider av ulukkesstaden.

Laster kart, vennligst vent...

HER SKJEDDE DET: Ulukka skjedde nokre kilometer sør for ferjekaien på Oppedal i Gulen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune